SALT

kunstprosjektet salt er på hell.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Magnus Nordstrand

I vår og sommar har kunstprosjektet SALT vore ein tydeleg del av havneområdet  ved Vippetangen i Oslo. Fram til midten av september vil prosjektet framleis leve her i Oslo.

SALT tek for seg nordleg arv og blandar tradisjonelle aspekt frå kultur, arkitektur, natur og historie med samtida og populærkultur. Blandinga er, som bakmennene sjølv seier, eit nomadisk kunstprosjekt. Prosjektet kjem fram som eit område av ulike bygningar og installasjonar tilrettelagt for uteliv, utstillingar, konsertar, og sauna. Club-sauna har blitt eit populært konsept der tekno-musikk og tradisjonell finsk badstu er ein realitet. Trykk HER for link til programmet.

Om ein ikkje har større ambisjonar enn ein øl eller ein kopp kaffi, kan SALT CAFÉ vere ein idé. Her er eit tradisjonelt naust innreidd som kafé og bar, og fungerer like bra på kvelden som om dagen. 

2017.07.15-PS-441 copy.jpg
2017.07.15-PS-381 copy.jpg
2017.07.15-PS-402 copy.jpg
2017.07.15-PS-417 copy.jpg
2017.07.15-PS-422 copy.jpg

Botanisk Hage Møbelforretning

I kryssinga av tverrgata til Jens Bjelkesgate, som går på nedsida av Oslo Botaniske Hage, ligg møbelforretninga som har teke namn etter det fantastiske og frodige hageanlegget. Ein finn ho altså i første kryss når ein har parken i ryggen.

Read More

Tara Anthun

Den generelle nordmannen bruker ein tredjedel av livet sitt i senga. Kvinna bak sengetøymerket Tara Anthun, nemleg Tara Anthun sjølv, ønsker at alle skal kunne oppleve fantastisk sengetøy.

Read More

Gathering Objects

Konseptbutikken Gathering Ojects ligger på Frogner i Oslo. Her kombinerast eldre gjenstandar med nyare ting. Det er møblar og interiør, klede, smykker og tekstilar, samt nokre bruksartiklar.

Read More

Café Rouleur

Sidan forrige gong Rouleur var i PS:Magasin, har veldig mykje skjedd med kaféen, baren og sykkelverkstaden. Staden er blitt større og i sommermånadane er også bakgården teken i bruk.

Read More

Tunco

Midt på St.Hanshaugen blir uttrykket take-away tatt på kornet av dei tre gutane som står bak gatematkjøkkenet Tunco.

Read More

Drikk Godt

I Vibesgate på Majorstua ligg eit spesialutsal for drikkevarer. Ølbutikken starta opp i november og er open alle dagar i veka.

Read More

MA Vintage

Frå PS #5
Tekst: Jonas Øren
Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

MA Vintage er ein avleggar av butikken MA, som var eit viktig medlem av high-end bybiletet i Oslo sidan overgongen til 1990-åra. Siri har vore med siden byrjinga. Butikken dåg dagens lys på Oslo City, låg deretter lenge i Hegdehaugsveien før han forsvann i Briskebyveien i 2014. I 2009 vart MA Vintage starta av Norlén, som sjølv alltid pleide å tråle bruktmarknader. Vintage, retro og brukt var då veldig i tida, medan det i samtida meir er noko sjølvsagt i bybiletet. Det som ikkje er sjølvsagt hos alle er kvalitet, kunnskap og interesse. Det er det hos MA Vintage, som bugnar med kjende merker frå Chanel, Luis Vuitton, Prada, Valentino, samt dei personlige favorittane til Siri som er Maison Martin Margiela og Ann Demmeulemeester, har hatt eit tidligare liv i Oslo.

"Gjenbruk er interessant ved at det i dette tilfellet handlar om å selgje noko meir enn bare kva som er mote akkurat nå. God design er tidlaus, men som andre ting må det formidlast riktig. Det krev kunnskap og interesse".

Dette seier Siri Norén, daglig leiar av MA Vintage. Sjølv om ho har ei lang fartstid i butikkverda, er det kunsten og arkitekturen ho opprinneleg kjem i frå. Ho har jobba som arkitekt og utdanning frå mellom anna på Kungliga Kunsthøgskolan i Stockholm og Colombia University i New York City. Heile livet har Siri vore oppteken av mote og klede, og trekk klare paralellar til arkitekturen. Arkitektur handlar i stor grad om form, stabilitet, balanse og design. "Kolleksjonane til Maison Martin Margiela er gode eksempel på dette, der form og materialar ofte blir utforska og eksperimentert med, men der rammeverket må haldast inntakt".

MA Vintage
Briskebyveien 28, Oslo

Åpningstider: 11–17 (16:30)
torsdag 11–18

 

LILLE VALKYRIEN KAFFE- OG TEHUS

Denne lille kaféen er ein avleggar av Valkyrien Ka e og Tehus, som ein gong
låg i eit av dei beste lokala i byen – midt i Majorstuekrysset. Alt er i dag skalert ned
i eit fint og intimt lokale i Jakob Aals Gate, cirka ti skritt i frå Bogstadveien.

Read More

Mardou & Dean

Mardou & Dean er i fri stigning oppover og utover dei norske landegrensene. Utgangspunktet til designarane Ingrid Bredholt og Patrik Rosenfors var jeans og lær, men kolleksjonane er nå blitt mykje meir omfattande.

Read More

Sjøflyhavna Kro

I rundt 60 år har det vore kafédrift ved Oslo Sjøflyhavn på Fornebu. I dag blir det blant anna servert klassiske kro- og amerikanske dinerrettar med ein twist, husmannskost og tapas.

Read More

AESOP

I Norsk undertøymagasin sine gamle lokalar i Prinsens Gate åpna Aesop sin hundrede butikk på verdensbasis. Saman med arkitektfirmaet Snøhetta vart butikken og innreiinga av butikken til.

Read More