NEWnew WAVE

new
NEW
WAVE

Photography:
Torjus Berglid

Styling:
Jonas Øren

Hair:
Pål L. Berdahl
/ Style Management

Make-up:
Inger-Lise Moa

MODELS:
THEVY & ANDERS G.
/ TEAM MODELS

1.

1.
Suits: Acne Studios
Shoes: Samsøe Samsøe
Sweater, left: Gosha Rubinskiy / YME Universe
Jumper, right: NN07 / Høyer Eger Man

2.

3.

2.
Jumper: COS
Trousers: Samsøe Samsøe
Belt: Yves Saint Laurent / Ma Vintage

3.
Suit: T-Michael
Shirt: GmbH/ YME Universe
Shoes: Samsøe Samsøe
Chain: Camilla Prytz
Bracelet: APC

4.

5.

4.
Coat: Dries Van Noten / Luck Oslo
Sweater and trousers: Kenzo / Høyer Eger Man

5.
Jacket and trousers: Dries Van Noten / Luck Oslo
Sweater: Saint Laurent / YME Universe
Shoes: Adidas Originals

6.

7.

6.
Left:
Trench coat: Dries Van Noten / Luck Oslo
Piquetshirt: Fred Perry by Raf Simons / Høyer Eger Man
Trousers: COS
Shoes: Samsøe Samsøe 

Right:
Blazer: Dries Van Noten / Luck Oslo
Jumper: Adidas Originals
Trousers: Gosha Rubinskiy / YME Universe

7.
Bomberjakke: Haider Ackermann / Luck Oslo
Bukse: Samsøe Samsøe

8.

9.

8.
Left:
Shirt: Our Legacy / Høyer Eger Man
Trousers: Samsøe Samsøe
Bag: Adidas Originals

Right:
Suit: T-Michael
Shirt: GmbH/ YME Universe
Shoes: Samsøe Samsøe
Chain: Camilla Prytz
Bracelet: APC

9.
Sunglasses: Thom Browne

Left:
Shirt and trousers: Acne Studios

Right:
Shirt: LÉFR LÉFR / Høyer Eger Man
Trousers: LÉFR LÉFR / SVEAN

SAMI

Foto: Anette Schive
Styling: Hannah Hansen
Hår: Lars Eitran / Style Management
Make-up: Linda Nicolaysen
Modell: Sami / Team Models

 

SAMI

– EN PORTRETTSERIE.

Skjorte fra Maud

 Dress fra Oscar Jacobson

Dress fra Oscar Jacobson

Kimono fra Maud
Jakke fra Custommade

Dressjakke fra Boss by Hugo Boss
Skjørt fra Stine Goya
Bukser fra Weekday 

Skjorte fra Lois
Jakke fra Gestuz
Kimono fra Lois
Jeans fra Weekday 

Dressjakke fra Oscar Jacobson
Kjole fra Stine Goya
Jeans og belte fra Weekday

Norsk skreddersaum og mid-century design á Paris.

T-Michael, Norwegian Rain og modern Tribute har nettopp opna butikk og showroom i Paris. 

  T-Michael  Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

T-Michael
Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

Midt i tjukkaste Marais i Paris ligg ei perle som ein eigentleg berre legg merke til om ein har flaks. Slik er det ved fleire av stadane i området, om det så er barar, restaurantar eller nattklubbar. 3eme Arrondissement er ein kombinasjon av utelivssenter, gatekafé-himmel og indie- og secondhand-butikkdestinasjon. Her finn ein kjende destinasjonar som konseptbutikkane Merci og Tom Greyhound, Isabel Marant flagship store, samt eigne herrebutikkar til blant anna Gucci, Fendi, Givenchy og Moncler. Det store utvalet av designerbrands for herrer skyldast nok at delar av La Marais er homosenteret i byen. Ei venninne definerer ulike gater i området som boy-streets

Uavhengig av legning eller målsetjing – å gå rundt i Marais skal opplevast som ei lita skattejakt, og på skattekartet har nå T-Michael og Norwegian Rain fått innpass. Ei opning i gata Rue Pastourelle er viser ein tynn gangveg som ikkje er breiare enn ein personbil, og det på centimeteren. Innst i denne avstikkaren, ved sidan av to store potteplanter, er inngongen til det lille huset som nå er butikk og showroom for bergensduoen T-Michael og Norwegian Rain, samt Modern Tribute og Eric Beugnet. Ein tendens som er å sjå elles blant fleire interiørbutikkar i Marais er skandinavisk mid-century design og Modern Tribute blir nok ein viktig aktør her. 

Skandinavisk og tysk mid-century kunst og interiør visast meir og meir i konsept butikkar i den franske hovudstaden. Francois Rotger er kunstkurator og satsar på tendensen ved å drive onlinegalleriet WEISSWALL.

I tillegg til interiør- og objektklassikarar finst sjølvsagt made-to-measure plagg og antrekk signert T-Michael, sko, vesker og tilbehøyr, samt det karakteristiske regntøyet til Norwegian Rain. T-Michael, som i tillegg til fittings tilbyr øl, vin og raud appelsinjuice, legg vekt på det fantastiske interiøret. Staden minner om eit atelier med generøse takvindauge som gir nydeleg overlys. Det er generelt mange store vindaugsflater i huset, som pleide å vere ein stall. Dei store  hyllene og skapa vart bygd inne i huset.

Les meir om Norwegian Rain og T-Michael sin Oslo-butikk HER.

 

Ruelle Sourdis, Paris

 

STATEMENTS – KVA SEIER KLEDA?

Kva seier kleda eigentleg – heilt bokstavleg talt?

Tekst: Jonas Øren
Illustrasjonar: Bjørn Brochmann

KRIG, FRED OG POLITIKK OG SÅNT

Eitt av plagga, og ein generell tendens som har prega motebiletet ei stund nå, er statement-t-skjorta – og særleg dei med politiske statements.
Ei av dei første t-skjortene med print var faktisk å sjå i filmen The Wizard of Oz frå 1939. Men det var først pop art-kunstnaren Warren Dayton som på tampen av 60-åra kombinerte kunst og-t-skjorter med både politisk og humoristisk appell. Vivienne Westwood skapte britisk motehistorie med God Save the Queen-prints på midten av 70-talet, og definerte i same slengen også punk som stiluttrykk.
Likevel kan ein seie at det var Katharine Hamnett, også ho i frå dei britiske øyene, som først gjorde politiske statements til bokstavlege fashion statements. Frå 1983 designa ho t-skjorter med ytringar som CHOOSE LIFE, EDUCATION NOT MISSILES, SAVE THE WORLD og så vidare. Med ein tydeleg in your face-bodskap på kvite t-skjorter, og eit oppsett ala John Lennon og Yoko Ono sitt WAR IS OVER IF YOU WANT IT billboard frå 1969, gjorde ho sin måte å plassere ord på plagg til noko like karakteristisk som Coco Chanel sine tweeddrakter og perlekjeder. Men i motsetjing til tweeddrakta ville t-skjorta til Hamnet skrike høgare og leggast hurtigare merke til. Over natta gjorde Hamnett det å ta politisk standpunkt til noko chic.
Ballen starta verkeleg å rulle då Hamnett helste på Margareth Thatcher under ei mottaking for moteindustrien i 1984. Designaren hadde snike inn ei t-skjorte med utsegna 58% DON'T WANT PERSHING, som ho tok på seg rett i forkant av møtet med statsministeren. Mote-ytringa var bokstavleg talt politisk standpunkt, då Thatcher nyleg hadde gått imot det britiske folket si nedstemming om å ha atomvåpen stasjonert i Storbritannia. Biletet av dei to vart sett over alt – hadde det vore i dag ville vi ha sagt at det gjekk viral. Sett opp mot kvarandre vart dei to ein naturleg yin yang; Hamnet var kledd i kvite tights, kvite Converse og den baggy statement-skjorta,  The Iron Lady var i eit heilsvart ensemble. Til the Daily Mail i 2012 sa Hamnet at Thatcher gav frå seg eit lite skrik då ho først såg ho.
Det tydelege designet vart like kjapt snappa opp av artistar som aktivistar, og både George Michael i Wham og medlemmar i Queen er tidlege eksempel på levande billboards for politisk korrekte ytringar. Michael brukte CHOOSE LIFE-skjorta i videoen til Wake Me Up Before You Go-Go og duoen kledde også opp heile sceneensemblet i ulike konsertsamanhengar. Hamnett sin måte å smelte saman ytring og mote vart plagiert over natta, noko designaren sjølv faktisk sette pris på. (Bortsett i frå då anti-abort forkjemparar gjorde CHOOSE LIFE-statementet til noko ganske anna enn bodskapen Hamnett opprinneleg ønska å fronte). I dag er ho rekna som den mest kopierte britiske designaren.
I 2003 gjekk Naomi Campbell ned runwayen i ein gjennomsiktig overdel perlebesatt med ytringa USE A CONDOM. I ettertid av visninga kommenterte designaren til avisa The Guardian at utsegna handla om opplysning rundt AIDS-saka, ei sak ho også har tatt standpunkt til via moten ved å skape boxershorts med kondomlommer.
Ho har gjennom heile karriera jobba for ulike hjartesaker og formål, og samarbeider med ulike organisasjonar. Hamnett starta tidleg å arbeide for bærekraftig produksjon og arbeidsrettigheitar for dei som produserer klede – før dette "kom på moten". "Detoxing av klesskapet" er nå i 2017 blitt eit like trendy begrep som det er politisk korrekt. I 2001 laga Hamnet ein topp med utsegna CONSUMER POWER – IF YOU DON'T LIKE IT DON'T BUY IT. I dag selgast CHOOSE LOVE-skjorter, eit samarbeidsprosjekt med flyktninghjelpa.

For Hamnett handlar det heldigvis om meir enn bare ytringa for ytringa si skuld. Det er meir enn mote, marknadsføring og profitt. Politiske statements er vanleg å plassere på ei t-skjorte, men fordi dette blir mote i tida, er det usikkert kor gjennomtenkt, eventuelt personleg, utsegna er i forhold til personen som ber ho. Jo opnare ytringa er, jo enklare er det for eit publikum å kunne gå med ho på brystet. Che Guevara motivet er eit klassisk eksempel på dette.

Kva seier eigentleg WE SHOULD ALL BE FEMINISTS t-skjorta signert Maria Grazia for Dior – $700,- eller eit feministisk standpunkt? Kva seier feminist-skjorta til H&M, og kvifor veljer H&M å nha t-skjorter med feministiske ytringar i sine trendkolleksjonar samtidig med Dior?
Haustsesongen vil ha desto fleire t-skjorter med politisk appell. Norske Veronica B Vallenes viste under Oslo Runway i februar 2016 t-skjorter som sa Let love win – i protest mot Trump sitt innreiseforbod. Om ikkje Trump fekk med seg ytringa, så fekk i alle fall Vallenes forsideoppslag på heimesidene til NRK. Apropos Trump; danske Naja Munthe avslutta haustvisninga med å ta applaus i ei t-skjorte som skreik PUSSY GRABS BACK.

Ei ytring handlar først og fremst om å bli høyrt – og det blir ein i dag med ord på brystet og selfiestick.

 

Skjermbilde 2018-03-11 kl. 20.58.03.png

FRÅ LOGOMANI TIL LOGO-PSYKOSE

Uttrykket logomani definerast som ei unormal snakkelyst – patalogisk overdriven og  ofte usamanhengande snakking. Når ein ser korleis enkelte kombinerar ulike logoar på klede og tilbehøyr, kan uttrykket også lett relaterast til moten.

Logoar er over alt og vi bruker dei gladleg. Kva hadde boxershortslinningen vore utan Calvin Klein, piquetskjorta utan Polo Ralph Lauren-logoen, kjettingveska utan CC eller bevisst stilforvirra 16-åringar utan HAiK-caps?
På same måte som bilete, triggast vi av referansar når vi ser ein logo. Ein logo seier noko om livsstil og univers – i alle fall kva slags livsstil ein ønsker å relatere seg til.
Logo-t-skjorta, pennen eller beltet kan fungere for eit motehus eller eit livsstilbrand slik som merch fungerer for ein artist. Innan midten av 90-åra var dette verkeleg blitt eit faktum og eit problem for svært mange merkenamn, som då hadde lisensavtalar opp til øyrene i forhold til rettigheiter for bruk av namnet, og som igjen drog kredibiliteten til merkenamnet ned. Ei real lisens-opprydding måtte til for at namn som Halston, Gucci, og Pierre Cardin igjen skulle fungere med eit heile. Dagens logotendens refererer gjerne til dette, og då med ein slags overdriven ironi. Jonathan W Anderson sin vår / sommarkolleksjon 16 for spanske Loewe er eit godt døme på dette. Alt Alessandro Michele har gjorti sidan han kom bak roret ved Gucci-skuta er det same. 

Det er klart at logoar på klede og tilbehøyr var å sjå før slutten av 80-talet. Logomanien gjekk derimot ikkje over til å bli ei psykose før i utgongen av tiåret, og designa til Katharine Hamnet var ein av katalysatorane her. Hip hop-kultur, jappetid, sportswear og supermodellar er fire andre viktige faktorar for utviklinga. Igjen toppa tendensen seg i byrjinga ute på 2000-talet, og har nå på nytt kome til eit toppunkt. Helmut Lang, Jil Sander og Calvin Klein fungerte som motpolar. Det same gjorde blant anna Pheobe Philo og Raf Simmons. Og i forkant av logo-psykosane, har alle dei også leika med logo- og statement-t-skjortene. Det går nemleg ei fin linje i forhold til når logobruk går i frå minimalistisk til maksimalistisk.

Ein kan faktisk sjå på tre raptekstar som ein slags indikator på logo-tilstanden i samtida.  Musikk- og streetstyle nettstaden The Complex har laga ein oversikt over referansar til motehuset Louis Vuitton i raptekstar. Den første teksten er Sir Mix-A-Lot sin Swap Meet Louie frå 1992, som kommenterer falskt Vuitton-tilbehøyr kjøpt og bytta på gata. "She says 'I wanna make your girlfriend look good. Start buying all your Louie in the hood. And your sprung, on the two for one. Fake Louis at the swap meet, son"

I 2003 gav Jay Z ut låta La-La-La (Excuse Me Miss Again) med fleire referansar til kjende motehus.  "We got brothers full of Army, Mamis in Manolos, bags by Chanel or Louis Vuitton logos". På dette tidspunktet hadde rapparen 50 Cent vist fram huset sitt på MTV Cribs, der mellom anna eit billiardrom var kledd i Gucci sit GG-monogram.
Når ein først er inne på både den faktiske definisjonen på uttrykket logomani og referansar til motehus i raptekstar, er det umogleg å ikkje nemne Kanye West. I følge The Complex er det Kanye West som refererer mest til Vuitton i song- og raptekstar. Tendensen blant rap-gutane er vanlegvis ikkje like spenstig som den til Sir-Mix-Alot. Det handlar om status og å uttrykke velstand og kredibilitet, samtidig som linja mellom å fronte Nike, Gucci eller samarbeid som Supreme X Louis Vuitton er hårfin.
Samtidig som Sir-Mix-Alot skreiv "Swap Meet Louie", hadde  moteskaparar, supermodellar og stylistar som Carlyne Cerf de Dudzeele vore med på å definere den maksimalistiske bruken av logoar. Verken Karl Lagerfeld for Chanel eller Gianni Versace sparte på logoane i sine framstillingar av Claudia, Naomi, Linda og Christie. Italienske Moschino gjorde det same, men då gjerne med humor og sarkasme – noko som Jeremy Scott framleis gjer i dag, både for det italienske motehuset, sitt eige merke og samarbeidet med Adidas. Og med seg har han då sjølvsagt Carlyne Cerf de Dudzeele på laget.

Juicy Couture viser også til ein topp på stemningskurva til logomanien på 00-talet. I 2001 samarbeida kunstnaren Steven Sprouse og Marc Jacobs om å skrive Louis Vuitton utanpå LV-monogrammet. Snart vart Paris Hilton illustrert i animasjonsserien South Park med monogram-veske og 50 Cent var altså på tv med Gucci-billiardbordet sitt. Her heime vart traktorar på brystet ein fashion statement.  

Etter Pheobe Philo proklamerte i 2008 at det var ok med logo på t-skjorte – dette til tross for å ha sjølv definert den nye finanskrise-minimalismen – hoppa stadig fleire på toget. I dag sel Balenciaga svarte caps med kvit logo – noko som minner meir om lisensavtalar enn couture. Igjen kan ein klandre selfiestanga.

 

RETOLKING, HUMOR OG KUNST / #REGRAM #FUN #ARTSY

Logo-psykosa vi nå er inne i pregast av retolkingar av kjende markenamn som ikkje nødvendigvis høyrer til moten, humor og alt som kan tolkast som ei vidareføring av eit kunstuttrykk.

Dekonstruksjon og retolking er det som sette designaren Martin Margiela på motehimmelen i 1989, samtidig som mellom anna Gianni og Karl klistra logoar på brystet. Det skal Demna Gvasalia bak Vetements – og nå også kreativ sjef for Balenciaga – vere glad for. Gvasalia har sidan kolleksjon nummer to for Vetements, vår / sommar 2014, vore innom både bruk av statements, ord og logoar. Dette både i typisk form som trykk på t-skjorter og college-gensarar, samt med ei intelligent plassering eller som del av dekonstruksjon – som igjen skapar spørsmål rundt korleis ein då skal tolke meininga med den bokstavlege ytringa. Konvensjonane rundt tolkinga utfordrast. DHL-skjorta signert Dvasalia vart gatemotegodteri for vår / sommar 2016 (Maison Martin Margiela laga sko med dekonstruerte DHL-logoar på 90-talet), og i dag er det den blå plast-toten frå IKEA som har blitt retolka for Balenciaga – og slik også blitt objekt for reposting, nyhendesaker og internettklikking.

Retolking av kjende logoar og merkenamn vart ein eigen sjanger innanfor t-skjorte-trykk for ei god stund tilbake og fleire brands spesialiserte seg på dette. Overgongen frå Yves Saint Laurent til SAINT LAURENT PARIS under Hedi Slimane, resulterte i at fleire trykte opp A'INT LAURENT WITHOUT  YVES – blant dei også mellom anna BIK BOK. Urban Outfitters selde KARL WHO-skjorter og den elles så godt gøymde Hermès-logoen vart plassert på fronten av ei t-skjorte med teksten HOMIES.  Ein smeltande Chanel CC-logo var å sjå på tilbehøyr og klede.

I dag skaper motehusa t-skjorter og plagg med ei liknande form for humor sjølve. Han som kanskje gjer det mest og best er Alessandro Michele for Gucci. T-skjorter med retro Gucci-print er å finne i garderoben til både A$AP Rocky og Hanneli Mustaparta. For hausten 2017 kjem dei same t-skjortene med fotografen Coco Capitan (intervju med ho er å lese i PS: MAGASIN nummer 6) sine handskrivne Instagram-statements – FVTVREFVTVRE , COMMON SENSE IS NOT THAT COMMON, og så vidare. Michele tok GG-logoar frå arkiva og retro avantgardisme og sette dette inn i ein svært fotogen kontekst – som lukter både av milanesiske loft og sveitt club-kid. Den italienske designaren har også brukt nokre av dei eldste t-skjorte-motiva i historia i sine design, nemleg Disney-figurane Mikke Mus og Donald Duck. Designet til Alessandro Michele gjorde at han våren 2017 kom på lista til magasinet TIME over dei hundre mest innflytelsesrike personane i verda.

Det er langt i frå bare Michele som ser i arkiva, historiebøkene og på Instagram etter materiale til fashion statements. Julien Dossena for Paco Rabbane laga sportswear og undertøy med sporty logo-linningar og kombinerte dette med si retolking av space-age dressing frå 60-talet. Og også han skapte statement-skjorter, eit samarbeidsprosjekt med art director og grafisk designar Peter Saville. Prosjektet refererer til det tyske "kunstmagasinet" AKT IN KETTEN frå 60- og 70-talet. Magasinet viste eit spekter nakenbilete, og Paco Rabbane leverte sjølv ein kjole til ei av forsidene.

For sin første kolleksjon for Dior drog Maria Grazia fram bie-emblemet til Dior Homme, sporty logolinningar og statements ala John Galliano i ny innpakning. Den kjente og kjære t-skjortefavoritten sett på Carrie Bradshaw, J'ADORE DIOR 8, har nå blitt til J'ADIOR 8, i ein oppdatert utgåve som kan likne på eit slitt, utvaska design av Katharine Hamnet.  Sjå døme frå dei siste kolleksjonane til utvalde motehus i slideshowa under.

 

Logo-psykose, humor og kunst: Gucci Cruise Collection og SS18.

 

Logo-psykose: Chanel SS18

Logo-psykose og artsy-fartsy: Balenciaga SS18 og AW18.

Logo-psykose: Burberry September Collection