Garderoben: Astrid Skjerven

I ei tid der klede går hand i hand med imagebygging og strafferundar framfor gatestilfotografar, pratar vi med menneske som investerer tid og pengar i ein personleg garderobe. Først ut er professor i design, Astrid Skjerven.

 

 

Kva ligg til grunn for ein gjennomført garderobe?
 

Garderoben min må få meg til å kjenne meg vel, både fysisk og psykisk. Difor må plagga vere komfortable og fungere praktisk. Eg må halde meg varm og ha fridom til å kunne røre meg; setje meg ned og reise meg opp, og springe for å rekke trikken. Eit anna viktig poeng  har å gjere med relasjonen til menneska eg møter i kvardagen. Eg vil kommunisere godt og må kunne stole på dei signala kleda sender ut. Og så skal kleda være vakre på ein diskrét måte.

 

Kvifor har det vore viktig for deg å bygge opp ein garderobe over tid?
 

Dette med klede er veldig gøy og det har betydd mykje for meg gjennom livet. Estetikk gir meg ei dagleg glede, og plagga eg har på meg speler sjølvsagt inn her. Enkelte av dei ser eg på som små meisterverk, og desse er eg særskilt glad i. Det handlar om å finne plagg som ein kan bruke til ulike anledningar og kombinere på ulike måtar, då dette gir mange kombinasjonsmoglegheiter og rom for kreativitet. Eg reiser mykje, og difor er det viktig å kunne ha allsidige ting. Noko anna som er blitt stadig og viktigare er dette med bærekraft og miljø, noko som gjer at eg verdsett naturmaterialar og kvalitet. Eg har alltid vore oppteken av at ting skal vare og ha god kvalitet, og hater billege syntetiske materialar som knapt held ein sesong. Folk må få opp auga for korleis vanane deira er med på å påverke verda rundt seg.

 

Gensar og bukser frå Jean Paul Gaultier.

 

Korleis definerer du stilen din?


Eg er minimalist! Eg går nesten alltid i svart. Ein annan farge eg liker er midnattsblå, og om sommaren kan eg og bruke kvitt. Om eg skeier ut, er det gjerne i form av små detaljar i tomatrødt eller smaragdgrønt, gull eller sølv.

 

Kan du fortelje litt om nokre av garderobefavorittane dine?


Eg har fleire plagg som som eg har hatt lenge er ekstra glad i. Dette gjeld særleg eit tulipanforma ullskjørt, signert Azzedine Alaïa. Det fungerer svært godt på kroppen. Det er varmt og det har ei skulptural form som gjer at eg kjenner meg feminin. Eg har faktisk donert ein kjole frå designaren til Nasjonalmuseet. Eg hadde to av same type, ein svart og ein kvit – og ikkje så overraskande er det den kvite som nå er i museet sitt eige. I motsetnad til kleda frå Alaïa, får dei klassiske «gubbebuksene» fra Jean-Paul Gaultier meg til å kjenne meg sterk. Gaultier miksar maskuline og feminine element på ein måte som fremhevar kvinner si styrke.  Dressane frå Dolce & Gabbana og veskene fra Jil Sander sett eg også veldig høgt – det er uunværlege kvardagsplagg. Når det kjem til enkeltplagg, kan eg ikkje forestille meg eit liv utan svarte høghalsarar.

 

 

Går du fleire rundar før du bestem deg for å slå til?
 

Ja, eg må sove på det og gjerne prøve plagget fleire gonger. Det er viktig å tenke godt over kva ein skal med plagget: Kva er funksjonen, korleis vil det fungere i kvardagen, og vil eg vere komfortabel i det? Det er både dumt, dyrt og lite bærekraftig å kjøpe noko som blir hengande i skapet.

 

Kva er det du ser etter i eit plagg som du ønsker å investere i?
 

I tillegg til kvalitet i stoff, passform og proporsjonar, må plagget stemme overeins med personlegdom og livsstil. Det er fint at vi er forskjellige og kler ulike plagg. Det må også være klassisk i uttrykket og kunne brukast i fleire år.

 

Til venstre:
Øyredobbar frå Monies.
Body frå Wolford.
Vintage skjørt frå Christian Lacroix.

Til høgre: 
Kjole: Dolce & Gabbana

Armband laga av kokkosnøtter frå Gerda Monies

 

Korleis skiljer du kvardags- og feststil?
 

Det eg liker best er plagg kan kan brukast til begge føremål etter «dress up - dress down»-prinsippet. Eit antrekk beståande av til dømes ein høyhalsa gensar og eit blyantskjørt kan enkelt justerast til kveldsbruk ved å setje til eit par øyredobbar og bytte til sko med høge hælar.  Eg er oppteken av enkelheit og ting som kan kombineras på ulike måtar.

 

Kven kler du deg opp for?
 

Dei gongane eg skal representere, er jo dette noko som eg må tenke på. Men til dagen er det først og fremst eg som skal nyte godt av det eg går kledd i. Klede kan samanliknast med eit ekstra lag hud. Dei skal beskytte, varme, gjøre meg etter måten vakker, og i stand til å kommunisere med andre.

 

Til venstre:
Body frå Wolford.
Vintage skjørt frå Christian Lacroix.

Til høgre:
Øyredobbar frå Dolce & Gabbana.

Kåpe frå Hermès.
Hatt frå Max Mara.