Pia Tjelta SS19

Sukkersøt demonstrasjon / Folkefest i Noregs dyraste handlegate.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Getty Images

Pia Tjelta lanserte sitt eige klesmerke under forrige Oslo Runway, og sidan den gongen har både kolleksjonane og brandet blitt knallsuksessar. Det visast når det kjem til skala og presentasjonsform under dag to av Oslo Runway. Nedre Slottsgate i Oslo var gjort om til ein lang runway – og det var slik mogleg for alle å sjå korleis Tjelta veljer å tolke sommaren i 2019. Fashion til folket er smart – då ein aldri bør undervurdere publikum. 

Showet opna med at Silya and the Sailors vart kjørt ned brusteins-gata på lasteplanet av ein 50-tals lastebil. Deretter kom modellane ut av ein buss i frå same periode. Modelljenter og kjendis-damer med born gjekk roleg nedover handlegata, nokon med banners og skilt med feministiske slagord og parolar. Motevisninga – her er det betre å bruke uttrykket moteshow – var verkeleg show. Brød og sirkus – og ein del resirkulerte idéar – både når det kjem til styling og konsept.

Saman med motedesignar Nina Amble og print-designar Torunn Myklebust skapar igjen Tjelta ein kolleksjon som primært består av kjolar. I tillegg til sarte bomulls-, blonde- og knipplingskjolar i svart og kvitt visast sexy mini-kjolar som er flagrande med generøse vollangar eller tilsnurpa og meir kroppnære – gathered i eit mesh-stoff.  Desse er i deilige tropiske fargar – tonar av sitrus og lakseraud – og i prints som framstår som ein krysning mellom kronblad og leopard. Det er kombinasjonen mellom det dydige og sexy, det autrerte og det romantiske som gjer kolleksjonane til Tjelta så attraktive for kvinner og jenter. Plagga har ein flott finish og stoffa er av god kvalitet – og dette visast. Det er ikkje for mange looks – noko som er bra slik at konseptet i kolleksjonen oppretthaldast. Desse jentene og kvinnene kunne ha gått i ein demo ein gong på slutten av 60-talet, og dei kunne ha gått innom grønsakshandlaren på veg heim på morgonkvisten etter ei natt med sveitt dansing ein eller annan stad på Cuba. Kleda funkar i det verkelege livet, og det er jo det som er poenget her.

I desse sosiale media-tider med Instagram-profilar som @dietprada og plagiatdesignarar som Vetements, er det umogleg å ikkje ha på seg ekstra skarpe briller når ein ser motevisningar. Diet Prada livnærar seg altså på å snuse fram motekonsept som ser ut som ting som allereie er gjort, og slik utdannar dei motepublikum til å kunne sjå seg bakover i motehistoria samtidig som dei tolkar det nyaste nye. Som nemnt innleingsvis var det fleire ting å henge fingrane i både i stylinga og visningskonseptet til Pia Tjelta. Nå har Maria Grazia hos Dior ridd feminisme-bølga sidan debutkolleksjonen hennar for det historiske motehuset. For AW18-kolleksjonen såg ho til studentopprør og demonstrasjonar som hovudinspirasjon – noko som gjer at Dior-butikkar over heile verda har blitt kledd i banners og med slagord. Karl Lagerfeld satt også opp ein demonstrasjon med modellar med banners for sin ready-to-wear SS2015-kolleksjon. Når det kjem til stylinga; er ikkje vi litt over den omdiskuterte Jacquemus-hatten? Til neste år vil den i alle fall vere passé!

 

 

DW2I5102_2018081535935158.JPG
_P1D0767_2018081541058406.JPG
_P1D0777_2018081541058417.JPG
_P1D0828_2018081541058475.JPG
_P1D0789_2018081541058430.JPG
_P1D0786_2018081541058427.JPG
_P1D0817_2018081541058463.JPG
_P1D0813_2018081541058459.JPG
_P1D0904_2018081541058567.JPG