Michael Olestad SS19

Techno-Vionnet med skandinavisk vri.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Getty Images

Michael Olestad går i sine eigne spor når han presenterer neste års vår- og sommarkolleksjon. Det er flott å sjå den utviklinga som skjer frå sesong til sesong hos Olestad. Dette gjer at ein sett pris på dei elementa som får gå igjen i kjende eller vidareutvikla versjonar. Dei super stramme buksene med som går ut i ein bratt flare er med vidare. Det er også versjonar av hip-hugging pencil skirts. Det sporty aspektet er framleis der og er for SS19 gjort endå meir raffinert. Ei kvit t-skjorte blir opphøga til nye dimensjonar under ein draum av ein stroppekjole. Stramme element er gjennomgåande mjuka opp med spanande detaljar – og det er dette som gjer arbeidet til Olestad spanande. Om det så er teksturen eller applikasjonane, så blir det sleeke og sylskarpe meir håndgripeleg. Det kuttar ikkje like djupt – men kutta vil vi likevel bli – då eit Olestad-plagg legg til fleire lag hud.

I år er det dei flytande draperia som stikk seg fram. Dei flagrande gevantane får fram tankar om både Madelleine Vionnet, antikken, Isadora Duncan og raveparties. Det andre som stjel merksemda er den spanande bruken av linningar og tubetoppar. To looks som særleg stikk seg ut som sofistikerte er draktsetta der overdelen er halv linning/tubetopp og halv dressjakke. Slik skapast ei chic tulipanform. Delar av fargepalletten frå tidlegare kolleksjonenar er representert. Flagrande skjørt, kjolar og sett i isblått, kvitt og syregrønn presenterast saman med stramt samansnurpa kåper og denim-sett. I tillegg viser designaren for første gong tre looks til herre. Desse er ganske trygge og kan like lett bli brukt av både Influencer-Trygve og Artist-Kristoffer som Ola Nordmann. 

Tilbehøyr som space-solbriller, lommebøker festa rundt armen og paljettleggings gjer at ein tenker på filmar som Fifth Element og Blade Runner. Ein droppar Überen og vil heller slenge seg inn i næraste romskip. 

 

_P1D1044_2018081545950506.JPG
_P1D1158_2018081545950667.JPG
_P1D1263_2018081545950846.JPG
_P1D1334_2018081545950936.JPG
_P1D1128_2018081545950605.JPG
_P1D1204_2018081545950724.JPG
_P1D1288_2018081545950878.JPG
_P1D1347_2018081545950951.JPG
_P1D1102_2018081545950574.JPG
_P1D1215_2018081545950738.JPG
_P1D1307_2018081545950905.JPG
_P1D1365_2018081545950973.JPG