ByTiMo SS19

Filmatisk visning utan raud tråd.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Getty Images

Å kome syklande, (litt småstressa fordi eg gjerne blandar Staatsholdergaarden med Oslo Ladegård) frå bilkaos i eit vegkryss i Gamlebyen, og ned grusvegen som leier til den nydelege franske hagen bak Oslo Ladegård vart eit lite eventyr på opningsdagen til Oslo Runway. Her hadde ByTiMo organisert piknikk og visning. Kvar benk og sete var utstyrt med ei piknikkurv med ulike godsaker, og sjampanjen fekk ein med seg på veg inn. Om ikkje dette var flott nok var altså vêret perfekt – skyfri august-himmel. ByTiMo veit å arrangere visning!

Tine Mollatt bruker arkivet sitt beståande av tallause vintage-kjolar og -plagg når ho skaper. I tidlegare intervju har eg fått vore med inn i arkivet og sett designprosessen. Då snakkar ho om å skape historiar i skapinga og å lage filmatiske scenario og storylines som får i gong inspirasjon og drivkraft. Dette er tydeleg i korleis merket vel å presentere seg for verda. ByTiMo er som sagt god på presentasjon og SS19 var absolutt ikkje noko unntak. 

_P1D0255_2018081470346197.JPG
_P1D0203_2018081470346165.JPG
_P1D0183_2018081470346148.JPG
_P1D9747_2018081470346779.JPG
_P1D9997_2018081470347017.JPG
_P1D0266_2018081470346212.JPG
_P1D9673_2018081470346679.JPG
_P1D9450_2018081470346494.JPG
_P1D9656_2018081470346679.JPG
_P1D0353_2018081470346279.JPG
_P1D9882_2018081470346910.JPG
_P1D9931_2018081470346947.JPG

Som forrige visning sitt eg likevel og lurer på kva eg ser. Ja, plagga er vakre – ja, jentene er vakre – ja, scenarioet vi er blitt ein del av er vakkert, og dette blir eg stadig påminna om av gispande kvinner som småapplauderer for kvar utgong. Men likevel sitt eg altså der og får ikkje kolleksjonen til å henge saman. Eg ser ein kort jumpsuit som får meg til å tenke på bilferie til Sverige på seint søttital. Eg ser ein nydeleg og sexy kimono-aktig wrapkjole ala Tom Ford For Gucci. Eg ser ein preppy og oppkneppa sekstitals  skjortekjole i mintgrøn som sikkert Sonja Haraldsen ville ha brukt, og i neste augeblink kjem ein florlett kneppekjole under ei like florlett kåpe som ser ut som noko ei saloon girl ville ha gått i. Ein tyggisrosa skuleballkjole frå åttitalet er også der ein stad. Cinematisk – absolutt, men dette er ein haug av svært ulike novellefilmar utan nokon vidare samanheng. Det er referansar til finsk tekstildesign frå syttitalet, babydolls, karibiske hoftesittende skjørt, Latin-Amerika, Western, Asia, osv.

Eg ønsker å sjå ein tanke, kall det eit konsept om du vil, som gjennomførast frå start til slutt. Alt som vart vist kunne ha vore utgongspunktet for noko meir. Plagga er vakre, men dei blir dessverre mindre interessante når dei blir presentert som i ein kavalkade. 

Eg må likevel få takke for ein vidunderleg setting og eit kult konsept for sjølve visninga. Det er deilig å vere på visningar som er utanfor boksen.