Sommerduft

Når det kjem til duft, cologne og parfyme er det bare ein regel som gjeld: det finst ingen reglar – og særleg ikkje om sommaren.

Idé: Pauline Naerholm
Tekst: Jonas Øren
Foto: Ole Musken / Palookaville
 

Tradisjonelt har det vel seg sånn at ein om sommaren bruker lettare dufter; ein cologne eller ein eau de toilette. Dette er dufter som både evaporerer raskt og utviklar seg hurtig på huda. Akkurat som at ein går med silke og lin i sommarvarmen er ein cologne svalt når gradestokken skrik. Likevel trivst svært mange med tyngre dufter om sommaren; dufter som er krydra eller treaktige og som ligg lenge på huda. Som nemnt innleiingsvis er det ingen fasit når det kjem til parfymekodeksar. Vi ser på dufter som gjer seg særleg godt på sommaren.

  Paris-Deauville:  Basilikum og siciliansk mandarin.    Paris-Biarritz:  Siciliansk mandarin og liljekonvall.   Paris-Venise:  Neroli, vanilje og tonkabønne.

Paris-Deauville:
Basilikum og siciliansk mandarin. 

Paris-Biarritz:
Siciliansk mandarin og liljekonvall.

Paris-Venise:
Neroli, vanilje og tonkabønne.

Sesongsatsinga frå Chanel er ein dufttrio tittelert Les Eaux de CHANEL. Alle viser til reiser frå Paris. Destinasjonane er absolutt ikkje tilfeldige – tre av av favorittstadane til Coco Chanel. Det var her ho likte å feriere; Deauville, Biarritz og Venezia. Dei tre duftene er lette og liknar colognen i oppførsel. Dette gjeld særleg for Paris-Deauville og Paris-Biarritz.  Sjølv om ein enkelt kan sjå litt ned på eau de toilettes er dette formlar som ligg lett på huda og som er både interessante og friske – det luktar absolutt ikkje av tax free. Det handlar heller om kombinasjonen av det friske og sensuelle. 

  Terre d'Hermès Eau Intense Vétiver:  Vetiver, sichuan pepper og bergamot.

Terre d'Hermès Eau Intense Vétiver:
Vetiver, sichuan pepper og bergamot.

Terre d'Hermès er ei av dei viktigaste suksessduftene til franske Hermès, Her ser det kjende motehuset til metaforen for alle råvarene som til slutt blir eit Hermès-produkt, nemleg jorda. Det finst fleire spin-off-versjonar av dufta. Signaturformelen blandar jordnotar – tre og mineralar – med frisk citrus. Nå har dei nettopp lansert Eau Intense Vètiver, som er ein meir grøn og vegetabilsk versjon, men som framleis opplevast kraftig og treaktig. Ei spanande duft nå på sommaren. 

  Neroli Portofino Forte:  Lær, raudappelsin og musk.

Neroli Portofino Forte:
Lær, raudappelsin og musk.

Tom Ford er kjend for å skape duft med sex-appeal. Neroli Portofino Forte er ikkje eit unntak; ei lett og sommarleg lærduft som opplevast utruleg appelerande. Lærdufter pleier å legge seg tungt på huda. Her er lær-notar, tre-notar og musk kombinert med klassiske sitrus-notar – neroli, bergamot, raudappelsin og appelsinblomst. Kanskje den mest sexy dufta av dei som vi har satt opp her – og ho finst på Gimle Parfymeri.

  Rose des Vents:  Mai-rose, rose, iris og sedertre.   Le Jour se Léve:  Mandarin, jasmin og solbær.   Matière Noire:  Alpefiol, solbær og oud. 

Rose des Vents:
Mai-rose, rose, iris og sedertre.

Le Jour se Léve:
Mandarin, jasmin og solbær.

Matière Noire:
Alpefiol, solbær og oud. 

Parfymelanseringa til motehuset Louis Vuitton har blitt ein braksuksess. Først vart sju dufter mynta på kvinner lansert i 2016. I vår kom dei meir maskuline duftene på marknaden. I følge butikken i Nedre Slottsgate var fleire av duftene allereie utsolgt før lanseringa. Rose des Vents er ei blomande duft av tre ulike rosetypar og namnet oversetjast til kompassrose – altså rosa som viser retninga i kompasset. Le Jour se Léve – daggry – dufter av sitrusnotar. Dette er den åttande dufta som er lansert i kvinnekolleksjonen. I Matière Noire kombinerast kvite blomar og mørkt tre. 

  Daisy Love:  Multer, tusenfryd og musk. 

Daisy Love:
Multer, tusenfryd og musk. 

Dufta av ungdom er kanskje dufta av suksess? Det stemmer i alle fall i tilfellet med dufta Daisy signert Marc Jacobs. Denne finst i utallige spin-off-versjonar og den siste er Daisy Love. Dufta er søt og blomande – som eit glas husholdningssaft i ei blomsterreng. Sjølv om dette er ein eau de toilette kjem ein langt med lite. Pass difor på å la det bli med den eine sprayen.

  Gabrielle Chanel:  Mandarin, ylang ylang, tuberose og musk.   Coco Mademoiselle:  Appelsin, mandarin, jasmin, ylang ylang og vanilje.

Gabrielle Chanel:
Mandarin, ylang ylang, tuberose og musk.

Coco Mademoiselle:
Appelsin, mandarin, jasmin, ylang ylang og vanilje.

Dufta Gabrielle Chanel skal opplevast som ein bukett av fire kvite blomar. Det skal ha tatt fem år å designe flakongen, som er forma som ein smykkestein, noko som gjer at han bryt lyset på ein spesiell måte. Coco Mademoiselle symboliserer tosidigheit og dualitet; om å uttrykke styrke og personlegdom som kvinne. Dufta er bygd opp av ei rekke sitrus-noter i topp og gras, jasmin og rose i midten. Det friske og blomande sveisast saman av ein botn av blant anna vanilje, vetiver og kvit musk. 

  Lipstick Rose:  Rose, fiol, amber og grapefrukt.   La Tulipe:  Rabarbra, tulipan og vetiver.   Ofrésia:  Pepper, lilje og tre. 

Lipstick Rose:
Rose, fiol, amber og grapefrukt.

La Tulipe:
Rabarbra, tulipan og vetiver.

Ofrésia:
Pepper, lilje og tre. 

Ein blomsterbukett av dufter – i ordet si rette forstand – signert Heaven Scent i Oslo. Her er roser, tulipanar og liljer. Lipstick Rose er ei klassisk roseduft som mange kanskje vil seie er gammaldags. Vi trur derimot at blomeduftene får ein renessanse, og dei er særleg behagelege i sommartida. La Tulipe av svenske Byredo er duggfrisk og kombinerer fruktig, grønt og blomande. Ofrésia referer til freesia – sverdliljer – og er ei populær duft av Diptyque. Det parisiske dufthuset, som er kanskje aller mest kjend for duftlysa sine, lagar også nydelege kroppsprodukt og kremar. Om parfymen blir for intens er ein parfymert bodylotion eit svalt alternativ nå på sommaren. 

  Tuberose in Blue:  Mandarin, appelsin, lilje og sandeltre.

Tuberose in Blue:
Mandarin, appelsin, lilje og sandeltre.

Tuberose in Blue av Altaia er ei duft som kombinerer blomar, tre og musk. Tanken bak parfymen er eit stopp i Rio de Janeiro i løpet av Atlanterhavsturen frå Argentina til Europa.

  Women:  Eucalyptus, appelsinblome og sedertre. 

Women:
Eucalyptus, appelsinblome og sedertre. 

Calvin Klein har sidan tidleg nittital produsert enormt mange dufter. Svært mange av desse har noko som er gjenkjenneleg ved seg, noko som går igjen heilt sidan CK One. Det har med dufta av noko reint; reint som kanskje også går over i det syntetiske. Sånn er det også med dufta Women, den første dufta signert Raf Simons. Lanseringa er definitivt ei storsatsing med eit omstendeleg artwork, konsept og ein kampanje der namn som blant anna Lupita Nyong'o, Eartha Kitt, Katharine  Hepbrun og Nina Simone pryder plakatane ved sidan av emneknaggen #IAMWOMEN.