Merkur Bar

I det som har vore både  bakeri og vintage møbelforretning finst i dag ein av dei lekraste barane i byen. 

Merkur Bar er nok eit tørstehol som er verdt å nemne blant barar og utestadar i Tigerstaden. Som i København og Berlin har det poppa opp fleire "hol i veggen" som tilbyr gane-godteri – og i tillegg til Merkur Bar må både Bar Lardo og Gurken Gurken Gurken nemnast her. 

Som funky og elegant lillesøster av populære Rouleur Bar på St. Hanshaugen, satsar ein på naturvin, sake og smårettar. Lokala er heilt unike og verneverdige frå 30- og førtital. Scenograf ved Nationaltheatret, Erlend Birkeland, er tidlegare innehaver og har sørga for å halde det ved like. Her er ein interessant miks av mid-century design og avant garde – noko det drikkande publikummet veit å setje pris på. 

Bjerregaards Gate 3A, Oslo

L1201049.JPG
L1201050.JPG
L1201056.JPG
L1201058.JPG
L1201059.JPG