NOTE DI PROFVMVM

Det ikoniske parfymehuset PRO-FVMVM ROMA lanserte nyleg ei underlinje med seks dufter døpt NOTE DI PROFVMVM. Her dufter det av nyskaping og ny, innovativ teknologi.

Ein solfyllt junimorgon samlast eit knippe pressefolk og influencarar på restauranten Ett Bord i Vikaterrassen i Oslo. Vi er inviterte av Gimle Parfymeri til å møte Durrante-familien – menneska bak det velkjende nisjeparfymemerket PRO-FVMVM ROMA. Her skal vi lukte på den nye duftserien NOTE DI PROFVMVM. Duftserien tek utgongspunkt i ein teknologi som familien har jobba med å perfeksjonere dei siste 25 åra. Men før eg skriv meir om duft og teknologi skal eg først gi ei kort bakgrunnshistorie. 

Durrante-familien har røtene sine i frå Sant'Elena Sannita i Isernia-provinsen midt i Italia. Som andre i området, livnærte dei seg på enkelt jordbruk. Etter Den Andre Verdskrigen flytta Celestino Durrante og kona til Roma saman med fleire i frå den lille staden. Livet i storbyen var hardt, men småbyfolka var flittige og fingernemme og hjalp kvarandre framover. Dei la seg opp pengar og fekk råd til å starte små forretningar. Snart starta dei sal og produksjon av såper og colognes. Dette handverket la grunnlaget for nokre av dei viktigaste parfymemakarane i Roma i etterkrigstida. Durrante-familien introduserte allereie i 70-åra nisjedufter på den internasjonale duftmarknaden – ei satsing som var vanskeleg å forstå for ein bransje som var dominert av store og kjende merkenamn som Chanel og Dior, legg Lill-Ann frå Gimle Parfymeri til. I 1994 starta familien PRO-FVMVM ROMA. Duftene er kjende for å alltid lukte litt forskjellig då dei er baserte på naturlege ingrediensar og råvarer som pregast av årstidene. Dette skaper ulike "versjonar" av same duft. I dag er det barn og barnebarn av Celestino som arbeider med drifta av dufthuset – og vi møter Maria og Felice Durrante. 

Felice Durrante presenterer stolt den nye linja med dufter. Han snakker like elegant på morsmålet om parfyme og duft som han er kledd i italiensk skreddarsaum. Som nemnd innleiingsvis bygger NOTE DI PROFVMVM på ein teknologi som familien har arbeidd med i omlag 25 år. Dei ville finne fram til dufter som opplevast lik på huda frå applikasjon til dei forsvinn. Tradisjonelt utviklar dufter seg ved at dei ulike notane er prominente etter kvart som tida går.  NOTE DI PROFVMVM skal forbli lik på huda heile tida. Det er første gong nokon prøver å skape eit slikt produkt.

Felice forklarer at dei seks duftene skal beskrive minner – gi deja vus – framkalle kjensler og rørsler frå fortida. Samtidig er dei lenka til modernitet, visjonar og teknologi. Slik har dei skapt ein serie som knyttast til den italienske futurismen frå 1920- og 1930-talet og har funne visuell inspirasjon til kreasjon, design, komposisjon – eit konsept som bygger på dynamikk. I skapinga er det brukt illustrasjonar i frå denne epoken som alle er knytta til innovasjonen i tida.  Ambisjonen er å få duftene til å overføre kjensler, å få blodet til å røre seg i kroppen. 

 

Lvce dell'Est
Eit emosjonelt og sanseleg vegkryss. Fart, luft og sol mot huda.
Kardemomme, patchouli, fiol, sandeltre.

LVCE
Ei sjølvbiografisk duft som beskriv det å sjå seg sjølv og å måtte gå i mot det vanlege.
Nellik, patchouli, kardemomme, sandeltre, bergamot.

VET_G16
Dynamisk rørsle og innovasjon – ei flymaskin i rørsle. Metallisk.
Sypres, muskat, vetiver, sandeltre.

Amante
Aksellerasjon, kjærleik og mot. Søt og lakrisaktig.
Amber, sedertre, oud, sandeltre.

Osa
Å utfordre sine eigne grenser. Grøn og blomstrande.
Ylang ylang, appelsin, grønt gras, rose.

Meraviglia
Ekspressiv og overraskande. Frisk og blomstrande.
Rose, koriander, insens, patchouli.