Post Hume av Son Venïn

Gutane bak duftmerket Son Venïn lanserte nyleg sin sjette komposisjon – som duftar av nordisk arv.

 

Norske SON VENïN skiljer seg frå andre skandinaviske duftbrands. Både design og dufter opplevast ikkje like kjølige og strigla – stream lined om du vil – som til dømes liknande svenske produsentar av godlukt. Dei runde flakongane er like behagelege og gode i handa som at duftene er rike og intrikate. 

Under lanseringa av dufta POST HUME på Heaven Scent i Oslo presenterer Dag Laska historia bak SON VENïN. Saman med kollegaane Kjell Reenskaug og Svein Haakon Lia i designagenturet Bleed Agency, ønska han å skape eit visuelt potent duftunivers – altså dufter som skaper bilete og drar i referansar. Laska beskriv dei nå seks duftene som eksperimentelle. Alle er skapte i samarbeid med en nese i Grasse i Sør-Frankrike. Handverket står sentralt i arbeidet med merket og duftene, og dei beste ingrediensane er brukte i komponeringa. Dei to "enklaste" duftene er satt saman av rundt tjue ingrediensar – dei andre omlag åtti. Som nemnd innleiingsvis opplevast duftene som rike og intrikate. Dei har alle ein tydeleg identitet og eit tydeleg uttrykk, og slik skiljer SON VENïN seg ut mot dufter som er hyper-lette og enkle for alle å like. Ei SON VENïN-duft blir slik ein statement

Son_Venin_Post_Hume_gray_back.jpg

Med POST HUME refererer brandet til det erkenordiske. Med ein toppnote av kanel, eit hjarte av nellikspiker og tobakk og ein botn av vanilje, lær, vetiver og tonkabønner, skapast ei duft med ein ambisjon om å skape visjonar om kultur- og naturarv. Om landskap forma av tusenvis av år med is og bre, ekstrem natur, samt byggetradisjon – ei arv som er ibuande i oss alle. Dufta opplevast søtleg med hint av både tjære og saltvatn.

I samband med lanseringa av POST HUME er det skapt ei bok som følgjer med parfymen. Tidlegare i vår mottok boka ein pris under prisutdelinga  Årets Vakreste Bok. I boka er fotografi tatt av Malene Lilleheim. Ho sett saman bilete av natur og nakne kroppar.

Son_Venin_Post_Hume_andbook_closeup.jpg
Son_Venin_Post_Hume_book_cover_Close.JPG
Son_Venin_Post_Hume_12.jpg
Son_Venin_Post_Hume_18.jpg