FARGA GLAS

Mens vi ventar på våren heiter det. Denne ventinga foregår hovudsakleg i det grå. Kvifor ikkje setje farge på denne perioden ved å tilføre farga glas. 

Foto: Ole Musken / Palookaville

 

GRØN. 

I følge fargesymbolikken er grøn ein farge prega av dualitet – ein særleg markant tosidighet. Mange meiner ein må vere medviten i bruken av fargen. Ein må altså vite kva ein vil når ein er i kontakt med det grøne. 

HÅp. ULUKKE.

 Hest og flakong: LALIQUE / INTERIØR GALLERIET Stor grøn vase: MARIMEKKO Glas: KÄHLER DESIGN Timeglas: HAY

Hest og flakong: LALIQUE / INTERIØR GALLERIET
Stor grøn vase: MARIMEKKO
Glas: KÄHLER DESIGN
Timeglas: HAY

BLÅ. 

Ein farge med eit sterkt samband til det religiøse og mytologiske. Fargen refererer naturlegvis til himmelen, og difor også gudommelegheit, geistlegheit og mytologi. Så om ein føler seg litt ekstra kan fargen til himmelen, havet og kongeleg blod vere eit godt utgongspunkt.

konservativitet. naivitet.

fred. sanning. 

 

 Alt frå REFLECTIONS COPENHAGEN / ESKE INTERIØR

Alt frå REFLECTIONS COPENHAGEN / ESKE INTERIØR

ROSA.

Den funky lillesøstera til den meir pompøse og myndige fargen purpur. Pierpaolo Piccioli, kreativ direktør og sjefsdesignar ved Valentino, eklærte for nokre sesongar sidan at "pink is the new punk". Som ein stereotypi er rosa erkefeminint og jentete, noko leiketøyindustrien har vore med på å forme. 

PUNK. YNDE. UNgdom.

 Liten telysholdar: IITTALA /  NORWAY DESIGN Gul vase:: REFLECTIONS COPENHAGEN / ESKE INTERIØR Stor grøn vase: HAY. NORGE Lysholdar: REFLECTIONS COPENHAGEN / ESKE INTERIØR

Liten telysholdar: IITTALA /  NORWAY DESIGN
Gul vase:: REFLECTIONS COPENHAGEN / ESKE INTERIØR
Stor grøn vase: HAY. NORGE
Lysholdar: REFLECTIONS COPENHAGEN / ESKE INTERIØR

GUL:

Ein farge som marknadskreftene har gitt til påsketida (kanskje fordi påskekyllingen er gul), noko som gjer at vekeblada viser kjendisar i gule antrekk i denne perioden. I Kina viser fargen til keisaren og har ein voldsom myndigheit knytta til seg. Gul er den lysaste elementærfargen, noko som gjer at han enkelt endrar karakter.

Advarsel. myndigheit. Falskheit.

 Dufter frå  PARFUMERIE GENERALE / HEAVEN SCENT

Dufter frå  PARFUMERIE GENERALE / HEAVEN SCENT

Turkis:

Turkis er kanskje den mest helsefremjande fargen då turkis faktisk roar nervane og styrkar immuneforsvaret (!). Fargen virkar kjølande og  avskrekkande på fluger. Difor ser ein gjerne turkis brukt på kjøkkenet på gamle bondekjøkken i Noreg. 

KULDE. HYGIENE.

 Hest og flakong: LALIQUE / INTERIØR GALLERIET Timeglas: HAY

Hest og flakong: LALIQUE / INTERIØR GALLERIET
Timeglas: HAY