La Mer

_MG_9809L_Ag44-kopi.jpg

Créme de la créme!

Foto: Ole Musken / Palookaville

Hudpleieserien og skjønnheitsmerket LA MER er med ansiktskremen Créme de la Mer blitt i tillegg til ein braksuksess i luksussegmentet av skjønnheitsbransjen, også blitt eit slags popkulturelt fenomen. Med referansar til kremen i både tv-seriar og kjendis-tweets (Cher skal ha tweeta "I put LA MER on my toast, bitch!"), er det klart at LA MER er eit merkenamn med ein tydeleg identitet. Her handlar det sjølvsagt om overdådig luksus, på linje med merkenamn med ein liknande sjargong. For sant skal seiast, produkta har ein heftig prislapp. Til og med leppepomaden kan med første augekast verke litt avskrekkande når ein ser prisen på omlag 550,-. Men så må vi jo sjå på effekten, for ein hudpleieserie kan vel ikkje koste skjorta utan grunn?

Formelen i dei luksuriøse produkta baserer seg på ei kraft framstilt av tang og andre handplukka organismar frå sjøen. Fermentering frigjer mineral og næringsstoff frå organismane. Krafta har god effekt på alle hudtypar då næringsstoffa er med på å redusere irritasjon og betennelse i huda betrakteleg. Betennelse i huda er resultatet av blant anna forureining, dårleg kostald og for mykje soleksponering. Irritasjon og betennelse er dei vanlegaste årsakane til tidleg aldring av huda, misfarging og pigmentering. Produkta til LA MER er alle skapte for å halde ved like collageninnhaldet i huda og å motverke frie radikal, dette for å halde all hudirritasjon i sjakk og å ta tilbake aldringsteikn.

Alle produkta kan brukast av både menn og kvinner og det enkle og elegante designet kler eit kvart baderom.

Symbolsk starta eg testinga av produkta avbilda over på 30-årsdagen min og har brukt dei i snart to månadar. Det største problemet vil bli å skulle bruke andre produkt etter at desse er forsvunne. No way back!

Créme de la Mer (60 ml) seljast på Gimle Parfymeri til den nette sum av 2575,-. Kremen fungerer godt åleine, men er også skapt for å fungere som base i kombinasjon med andre produkt i serien. Eg har kombinert han med The Revitalizing Hydration Serum og The Renewal Oil.

Fuktserumet The Revitalizing Hydration Serum (1750,- Gimle Parfymeri) bruker eg hovudsakleg på kvelden eller når eg veit at eg kjem til å vere mykje inne i løpet av dagen. Dette legg eg under kremen og er første steg i hudpleierutina. I tillegg til å gi mykje fukt virkar serumet astringerande, altså at porerne trekk seg saman. Dette gjer at serumet fungerer godt under make-up. Serumet gjer at ein får dobbel dose fukt og eg kjenner at effekten av kremen held lenger med serumet i botnen. Eitt pump dekker heile ansiktet.

Créme de la Mer er svært kompakt og ein kjem langt med lite produkt. Ei lita ert vil dekke både ansikt og hals. Eg legg kremen i handflata og drypp eit par-tre dråpar av The Renewal Oil (1725,- Gimle Parfymeri) over. Eg varmar blandinga opp mellom handflatene ved å gni dei mot kvarandre. Når kremen er blitt blank fordeler eg han i ansiktet ved å presse han mot panne, under augene, på kinn, hake og hals. Eg presser heller enn å gni. Dette lille ritualet er utruleg behageleg. Om eg bruker ei rein ansiktsmist først er det enklare å fordele kremen. Det er første gong eg har oppleve å våkne opp om morgonen og føle at huda er like fuktig som kvelden før. Kremen er veldig rik i både tekstur og kjensle, og olja, som både gir ein jamn hudtone og er med på å redusere linjer, gjer opplevinga av produktet desto meir luksuriøs.

The Cleansing Micellar Water (870,- Gimle Parfymeri) kombinerer reins og fukt på ein overraskande måte. I tillegg til å vere eit utruleg effektivt reinsevatn som fjernar både forureining og sminke, opprettheld vatnet fuktigheita i huda utan å gjere ho stram. Porene trekk seg godt saman og huda er klar til vidare pleie. Slik er produktet genialt når ein skal endre sminken i løpet av dagen.

 The Reparative Face Sun Lotion SPF 30 (1070,- Gimle Parfymeri) er eit av favorittprodukta! Denne solkremenhar ein fantastisk tekstur og fordelast enkelt over ansiktet. Kremen oppfører seg som dei andre produkta og gir mykje fukt, roar huda, gir ein jamn hudtone og lukker porene. Slik fungerer også denne kremen seg nesten som ein slags primer. 

The Soft Fluid Foundation (940,- Gimle Parfymeri) Gir ein naturleg hud og legg seg lett over huda og gir ei kjensle og ein look som ser høgst naturleg ut. The Foundation Brush  (545,- Gimle Parfymeri) gjer jobben enkel.