Norsk skreddersaum og mid-century design á Paris.

T-Michael, Norwegian Rain og modern Tribute har nettopp opna butikk og showroom i Paris. 

  T-Michael  Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

T-Michael
Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

Midt i tjukkaste Marais i Paris ligg ei perle som ein eigentleg berre legg merke til om ein har flaks. Slik er det ved fleire av stadane i området, om det så er barar, restaurantar eller nattklubbar. 3eme Arrondissement er ein kombinasjon av utelivssenter, gatekafé-himmel og indie- og secondhand-butikkdestinasjon. Her finn ein kjende destinasjonar som konseptbutikkane Merci og Tom Greyhound, Isabel Marant flagship store, samt eigne herrebutikkar til blant anna Gucci, Fendi, Givenchy og Moncler. Det store utvalet av designerbrands for herrer skyldast nok at delar av La Marais er homosenteret i byen. Ei venninne definerer ulike gater i området som boy-streets

Uavhengig av legning eller målsetjing – å gå rundt i Marais skal opplevast som ei lita skattejakt, og på skattekartet har nå T-Michael og Norwegian Rain fått innpass. Ei opning i gata Rue Pastourelle er viser ein tynn gangveg som ikkje er breiare enn ein personbil, og det på centimeteren. Innst i denne avstikkaren, ved sidan av to store potteplanter, er inngongen til det lille huset som nå er butikk og showroom for bergensduoen T-Michael og Norwegian Rain, samt Modern Tribute og Eric Beugnet. Ein tendens som er å sjå elles blant fleire interiørbutikkar i Marais er skandinavisk mid-century design og Modern Tribute blir nok ein viktig aktør her. 

Skandinavisk og tysk mid-century kunst og interiør visast meir og meir i konsept butikkar i den franske hovudstaden. Francois Rotger er kunstkurator og satsar på tendensen ved å drive onlinegalleriet WEISSWALL.

I tillegg til interiør- og objektklassikarar finst sjølvsagt made-to-measure plagg og antrekk signert T-Michael, sko, vesker og tilbehøyr, samt det karakteristiske regntøyet til Norwegian Rain. T-Michael, som i tillegg til fittings tilbyr øl, vin og raud appelsinjuice, legg vekt på det fantastiske interiøret. Staden minner om eit atelier med generøse takvindauge som gir nydeleg overlys. Det er generelt mange store vindaugsflater i huset, som pleide å vere ein stall. Dei store  hyllene og skapa vart bygd inne i huset.

Les meir om Norwegian Rain og T-Michael sin Oslo-butikk HER.

 

Ruelle Sourdis, Paris