Sanatorium

I Frydenlundsgate på St. Hanshaugen i Oslo finst ein stad som er litt utanom det vanlege. Sanatorium kombinerer interiørbutikk med designstudio og hotell (!).

 

Eigarar og kollegaer av staden er interiørarkitekt og møbeldesignar Vigdis A. Bergh og interiør- og møbeldesignar Gro Sævik. Saman har dei utvikla eit konsept og eit univers som krysser interesser og prosjektjobbing på ein usedvanleg smakfull og unorsk måte. Her kombinerast eigne designløysingar, eigne designkonsept og prosjekt med favorittobjekt og møbelartiklar frå blant anna Sika Design, Anour, OGK og Ton. Her får du i tillegg kjøkken- og baderomsløysingar, lamper og trappeløysingar.

 

Lokala i Frydenlundsgate er store og lyse og er designa som ein leiligheit med heildom og utradisjonelle løysingar. Badekar og dusj midt i stua er eit av dei ukonvensjonelle vala. Det mildt sagt nakne baderommet er omkransa av lekre parfyme- og skjønnheitsprodukt i frå fransk-amerikanske Le Labo. Alle rom er pirrande infused av dufter i frå det spanande duftmerket. Frå kjøkken og stue går ein opp i kontordelen, og vidare inn i dei romma som er til utleige. Det er til saman fire rom som leigast ut, og alle er smakfullt designa, med ein tilsvarande strek som resten av konseptet. Nede i underetasjen er møterom/spisestue, kontorplass og eit siste soverom.

 

 

Bergh og Sævik har skapt ein stad med ein heildom ein sjeldan ser andre stader – og dei er begge sanne til ein estetikk og eit formspråk som dei dyrkar ned til kvar lille detalje. Som eit levande showroom anbefalast det å stikke innom for om ikkje anna å la seg inspirere.

 

Frydenlundgata 14, Oslo.