Dermalogica

_MG_9742L_Ag44-kopi.jpg

Vi oppsummerer Dermologica-produkta som effektive og ujålete. Les kvifor.

Foto: Ole Musken / Palookaville.

Historia om Dermalogica startar med hudterapauten Jane Wurwand som i 1983 vil gi tyngde til amerikanske hudterapautar ved å starte eit etterutdanningsprogram i California. I 1986 byrjar produksjonen av hudpleieprodukt under namnet Dermalogica. I dag er hudpleieserien å finne i over åtti land med over 100000 hudterapautar som tilbyr behandlingar med produkta. Dei er også å finne i ei rekke utsalsstader. Dermologica tilbyr med andre ord noko forbrukarane vil ha. Vi har sett nærmare på nokre av produkta. Her i Noreg er produkta å finne både på apotek og i hudpleiesalongar. Ved at dei er til sals i apotek gjer dei meir tilgjengelege for dei som vanlegvis ikkje er å sjå på hudsalongar eller spa.

Reint oppsummert for heile serien kan vi seie at produkta er prisdyktige og kan definerast som ei samansetjing av ei enkel innpakking med eit bra innhald. Dessutan lukter dei godt. Favorittprodukt er blant anna Special Cleansing Gel (som ein kan få i 500 ml flaske), Oil Free Matte SPF30 og Oil Control Lotion.

Designet på innpakkinga er altså enkelt og ukomplisert. Her er det ikkje snakk om verken flashy krukker eller avanserte applikatorar. Tvert i mot – Dermologica går for enkle tubar og flasker i grått og kvitt. Dei fungerer like godt inne i eit skap som på baderomshylla, og slik framstår dei like enkle å forhalde seg til for både menn og kvinner. Det er ikkje snakk om at desse produkta skal definere verken stil eller personlegdom.

Det vi liker best med produkta er at sjølv om produktserien er stor, trengst det ikkje så mange for å få jobben gjort. Det er enkelt å supplere med noko ekstra om ein kjenner at dette er nødvendig, og ein treng heller ikkje å bare måtte bruke Dermalogica saman med andre Dermalogica-produkt. Formlane fungerer godt for ulike hudtypar.

Skin Smoothing Cream: Kremen fungerer heile året. Han er verken for feit eller aktiv, og heller ikkje for geleaktig eller tynn. Mange trur at ein treng meir i ein krem, altså at han er rikare i forhold til å følast fyldig på huden. I dette tilfellet kan ein då tilføre det ekstra gjennom eit fukt-serum.

Skin Hydrating Booster: Dette er ein formel som fungerer supert på fly eller når ein sitt lenge framfor mac eller pc. Det legg seg  som ein film under hudkremen og gir ekstra fukt. Serumet er oljefritt og gjer at ein ikkje ser blank ut. Slik er det fint å tilføre det før ein legg make-up.

Charcoal Rescue Masque: Maska rensar i djubda og tek vekk daude hudceller, ureining og hudormar. Eit godt produkt å bruke før fuktmasker og kremar for å få maksimal effekt av desse.