Ein prat med Viktor & Rolf

29 spørsmål til designarduoen viktor & Rolf.

Tekst: Jonas Øren

signatureVR.jpg

 

Det er ein dualitet i alt dere gjer, noko ein kan sjå det meste dere har gjort gjennom karriera. Å spele på svart og kvitt, frå blomster til det harde og stramme, impresjonisme (haute couture S/S 2015) og kubisme (haute couture S/S 2016).  Reflekterar dette dere to som to individ i ein duo?

Rolf: Nei, vi er begge like schizofrene!

Viktor: Eg trur vi liker ei viss form for kompleksitet og kompleksitet i livet elles. Livet bør ikkje opplevast for enkelt. Alt kan bli sett på i frå ulike hald og vinklar, og vi liker å utforske dei ulike sidene.

 

Korleis jobbar dere saman – til dømes når dere skapar ein kolleksjon?

Rolf: Akkurat som vi sitt nå, men ved eit skrivebord med mykje rot. Vi teiknar heile tida medan vi pratar. Samtalane vi har framfor skrivebordet fortsett i reisene vi gjer og når vi hentar inn inspirasjon andre stadar. Det har vore ein pågåande samtale dei siste 25 åra –  ein samtale som framleis pågår.  Ved å prate prøver vi å formulere kva vi liker ved augneblinken og kva vi har lyst til å skape. Som for eksempel i kolleksjonen av kjolar som vart til måleri og måleri som vart til kjolar (A/W haute couture 2015), der vi snakka om å lage wearable art. Fordi vi på dette tidspunktet igjen bare gjorde couture, ville vi ta idéen til eit ytterpunkt. Og frå tanken på brukbar kunst kom vi til denne bokstavelege idéen om å i kle nokon i eit bilete. Frå idé og samtale utforskar vi korleis vi både visuelt og teknisk kan skape det heile.

 

Er dere nokon gong ueinige? Kranglar dere?

Viktor: Nesten aldri.

Rolf: Nei, det gjer vi ikkje. Vi kranglar ikkje, men vi pratar og diskuterar mykje. Det er meir det at vi søker etter det same, og vi hjelper kvarandre i dette. Fordi vi er to er dette enklare og betre.

Viktor: Haha!

 

Det er mykje som skjer i moteverda akkurat nå og aktørar tyr til ulike grep for å få has på det som ikkje fungerer. Ein ser at det er eit oppbrudd rundt dette med å tilpasse seg det gamle systemet, eit system som for mange ikkje fungerer meir. Som at Burberry og Saint Laurent Paris viser in season-visningar. Dere tok eit anna standpunkt i 2015 med å slutte å produsere ready-to-wear. Kvifor valgte dere dette?

Rolf: Fordi vi liker å jobbe med haute couture betre (latter). Fordi vi lagar betre couture enn ready-to-wear og fordi vi kan ta oss råd til det (meir latter). På eit visst tidspunkt i karriera kjende vi det sånn at vi måtte skape ready-to-wear for å kunne kalle Victor & Rolf eit skikkeleg merkenamn. Valet har meir med at vi i lang tid ikkje var lukkelege med å jobbe med ready-to-wear.

Viktor: Eit jobbliv som berre handlar om å møte deadlines er ikkje noko vi ønsker. Vi liker å tenke i prosessar, skape vakre ting – på same måte som vi sjølvsagt liker å utrette eit arbeide.

 

Er det sånn at dere då opplever det som å bruke meir tid på å vere ”effektive” enn å skape vakre ting når dere lagar ready-to-wear?

Viktor: Ja! Dette kjem mellom anna av alt fokuset som må gå til arbeidet med fabrikkar og produsentar og alt det praktiske som må organiserast i forhold til dette.

Rolf: Det kan samanliknast med ein slags militærorganisasjon. Alt må organiserast. Årsaka er derimot meir personleg enn som så. Det kjendes veldig restriktivt og bindande for oss som menneske. For andre aktørar fungerer dette kjempe bra. Men sjølve er vi mykje lukkelegare nå. Då vi byrja var det berre ein kvinnekolleksjon per sesong, altså to kolleksjonar i året. Vi hadde aldri forutsett utviklinga som følgde, der vi byrja å lage menswear-kolleksjonar, så pre-kolleksjonar og eigne tilbehøyrkolleksjonar til alle kolleksjonane. Til slutt vart det mellom åtte og tolv kolleksjonar i året.

Viktor: Mengda av produktar kjendes ikkje bra …

Rolf:  … med haute couture jobbar ein med ein kolleksjon per sesong. Alle antrekk er kunststykke og vi jobber i heile prosessen med kvart enkelt antrekk; frå å perfeksjonere det teknisk til å jobbe med passform. Det er akkurat slik vi liker å jobbe.

 

Var det då dere lanserte pre-kolleksjonane at dere sat spørsmålsteikn om dette var riktig, eller vart dere meir ein del av eit system?

Rolf: Eg trur vi måtte passe inn i ei form og eit system. Systemet passa oss ikkje. På eit tidspunkt opplevde vi at plagga vi jobba med ikkje tilhørte oss lenger.

 

Når tok dere valet med å slutte med ready-to-wear?

Rolf: Idéen om å gjere dette vart til over fleire år. Det var ein lang prosess. Då vi byrja å lage haute couture igjen i 2013, og samanlikna dette med ready-to-wear, så stod det veldig klart kva som ligg nærast hjarta våre.

 

Kommenterer arbeidet dykkar samtida, både når det er snakk om verda og moteverda? Vart det at dere forlot ready-to-wear ein kommentar til moteverda i samtida?

Viktor: Arbeidet vårt har alltid kommentert moteverda. Vi har ein fot i moten og ein i verda utanfor.

 

Den gongen dere starta med ready-to-wear, var ambisjonen då å ha begge beina i moteverda?

Viktor & Rolf: Ja.

 

Vart det for mykje?

Rolf: Det var ikkje der vi var på vårt beste og det var difor vi valgte å gi det opp. Mange andre som gjer dette betre enn oss.

 

I motsetjing til kolleksjonar med tydelege historiar eller konsept, er ein tydeleg tendens i samtida fokuset på enkeltplagg, noko som visast i kolleksjonane til fleire og fleire designarar. Har dere ein kommentar til dette?

Viktor: Produktorienteringa er veldig tydeleg.

 

Dere skaper altså haute couture-kolleksjonar fordi dere kan og fordi dere har råd. I tillegg jobbar dere med parfyme. Gir det gode forretningsmoglegheiter?

 Rolf: Couture gir forretningar og verksemd, men det er sjølvsagt ei smal verksemd. Å arbeide med parfyme gir derimot mange moglegheiter.

 

Beskriv dere dere sjølv som historieforeljarar gjennom arbeidet deres med mote, parfyme og couture?

 Viktor: Eg trur vi er historieforteljarar ja, både med parfyme og gjennom alt det andre vi gjer. Dette fordi arbeidet vårt baserer seg så mykje på språk. Alt vi gjer startar med språket og samtalen.

 

Har det å jobbe med andre medium, som for eksempel å skrive eventyrbok og å produsere filmar, kome naturleg fordi dere jobbar med mote på ein konseptuell måte?

Viktor: Vi er åpne for alt. Som kreative menneske kan kreativiteten bli brukt til mange ulike ting. Eventyrboka Fairy Tales vart til ein slags hobby …

Rolf: … Eventyrboka var noko som vi faktisk sette i gong med då vi var ekstremt travle med jobb og såg etter noko å flykte inn i …

Viktor: Det starta med at vi sende kvarandre små eventyr …

Rolf: … Noko totalt annleis enn kva vi elles dreiv på med, som igjen då vart eit eige prosjekt.

 

Dei fleste menneske tek seg ein ferie, men dere skriv altså ei eventyrbok!

Rolf: Vi avslutta faktisk redigeringsarbeidet med boka rett før vi reiste på ferie. Eg hugser det godt, for vi reiste til Bali det året.

 

Pleier dere å ha ei humoristisk tilnærming til arbeidet og prosjekta dere jobbar med?

Viktor: Humoren er berre eit lag av kompleksiteten som utgjer arbeidet vårt. Humor er viktig og er noko vi liker, men det vi jobbar med viser aldri berre til det humoristiske.

 

Trur dere aktørar i moteverda er for alvorlege?

Rolf: Når noko blir for tungt og alvorleg pleier vi begge å kjenne på at det blir feil og ubehageleg. Det bør vere ei lettare side med alt ein gjer. Det betyr ikkje at det nødvendigvis treng å vere morosamt, men eg trur det lystige er ein kvalitet som aldri må vike.

 

V&R signature.jpg

Prosjekta er då oftast alvorlege og lette på same tid – så lenge dette stemmer?

Rolf: Ja, det handlar om balanse.

Viktor: Det er då arbeidet er på sitt beste. Når alle desse elementa speler på lag samtidig. Nokre av visningane og presentasjonane våre har kanskje vore for alvorlege og då har det nok vore noko som har mangla.

 

Dere er ofte ein aktiv og tydeleg del av motevisningane og presentasjonane dykkar. Kan dere fortelje kvifor dette har blitt ei greie?

Viktor: Vi liker det ikkje, men av og til må vi gjere det!

 

Liker dere ikkje å gjere det?!

Viktor & Rolf: Nei, vi har alltid hata det …

Viktor: … men når ein jobbar med ein idé om at ein kjole skal transformerast til å bli eit måleri som skal henge på veggen, så er det ingen andre enn oss som kan utføre dette.

Rolf: Det blir også sterkare når det er oss som gjer det …

Viktor: … men vi hatar det.

 

Kvifor hatar dere det?

Rolf: Det er ikkje oss. Sjølv har eg aldri hatt eit ønske om å vere ein performing artist – det er forferdeleg!

Viktor: Vi liker idéen heilt til ein startar med øvingar, innstuderingar og repetisjonar. Då går det opp for oss at også vi skal out there – ut på scena – og kanskje signalet ikkje fungerer.

Rolf: Då er det viktig å berre gi blaffen. Det handlar ikkje om oss som personar, men om kleda.

Viktor: Ei motevisning blir slik som ei framsyning for oss, uansett om vi er ein del av visninga eller ikkje, og det skal opplevast som noko meir enn berre ein parade med klede.

 

Vil dere då beskrive dere sjølv meir som visuelle kunstnarar enn performative kunstnarar?

Rolf: Av og til det eine, av og til det andre.

 

Som to anerkjende konseptuelle motedesignarar, korleis definerer dere konseptuell mote?

 Rolf: Det må vere ein idé bak alt vi gjer. Elles finn vi det vanskeleg å få arbeidet gjort av den grunn av at det då fell heilt gjennom. Arbeidet vårt handlar mykje meir om idéar enn stil. Stilen er ei følge av idéen.

Viktor: Når alt kjem til alt er idéen viktigare enn wearability.

  

Korleis er jobbprosessen for ein ny sesong og ein ny kolleksjon? Korleis finn dere idéen og når går dere frå idé til klede?

 Rolf: Dette er noko som opplevast veldig organisert fordi idéen må bli til i byrjinga av sesongen slik at vi kan starte arbeidet med å utforme og skape. Ein typisk hendingsgang er at vi i første månad vil starte samtalane og jobbe fram idéar og hente inspirasjon, i andre månad utviklar vi idéane vidare og startar å visualisere dei, samt at vi også byrjar å jobbe med atelieret. I tredje månad byrjar vi med fittings. Fjerde månaden går til å sy og produsere antrekka og då er vi oftast ferdige med vår jobb.

 

Skjermbilde 2018-02-27 kl. 18.54.32.png

Korleis finn dere fram til idéane?

Viktor: Det er det heile eigentleg. Vi får mykje inspirasjon berre ved å sjå på moteverda, å lese, reise, samtale …

Rolf: … og å tenke på kva vi har skapt tidlegare …

Viktor: … nyhendene …

Rolf:  … og å tenke på kva retning vi vil gå i nå i forhold til kva vi har gjort før.

 

Om vi ser på moteverda i dag ser vi eit enormt fokus på sosiale media og det å spreie moten mest mogleg ut til publikum. Synst dere at moteverda har mista dei mystiske og magiske aspekta ved seg på grunn av dette?

Viktor: Ja, moten har mista ein del av mystikken sin. Men samtidig har moten blitt så omni-present, altså ein så tydeleg del av alle ting, at det har fått meir å seie generelt og demokratisert blant folk flest. Då vi vaks opp fanst det ingen informasjon om mote. Av den grunn kan eg forstå at det er bra at tilgangen er der. Personleg gir vi aldri opp mysteriet ved moten. Difor er haute couture-visningane så viktige for oss.

 

Kan dere fortelje om couture-kolleksjonen dere viste i 2015, der ei enkel og mjuk piquet-skjorte utvikla seg til å bli enorme kubistiske skulpturar.

Rolf: Polo-skjorta var eit element som vi bestemte oss for å mikse med kubistiske skulpturar for å sjå kva som ville skje når ein kombinerte dei to. Gjennom visninga vart  looks stadig meir komplekse – meir og meir lagdelte. Personen som går med antrekket blir nesten ein skulptur sjølv. Antrekket tek over for alt.

 

Samanlikna med tidlegare haute couture-kolleksjonar, som Van-Gogh Girls og Wearable Art, opplevast kolleksjonen nesten minimalistisk på grunn av den mjuke, kvite basen i pique som blir brukt som eit kanvas.

Viktor: Vi vil heller beskrive han som streng enn minimalistisk. For oss var det som å jobbe med leire og å lage skulpturar av leire. Vi hadde eit materiale og starta å forme kolleksjonen ut i frå dette.

 

Kva er det som inspirerar dere nå for tida?

Rolf: Kva som inspirerar oss i dag? [Han snur seg mot Viktor og spør:] Kva inspirerer deg i dag?

Viktor: Dess meir tilgjengelege ting er, dess meir blir vi inspirerte av ting som er sjeldne. Ting som er vanskeleg å få tak på eller som det berre finst ein av. Dette gjeld i alle sjangrar.

Rolf: Dette gjer at eg også liker Instagram. Kanskje eg i eitt av titusenvis av tilfelle ser nokon som har tilsvarande smak som meg, noko som  eg synst er veldig inspirerande å sjå. Instagram kan slik tjene ei hensikt.