Admir Batlak haust/vinter 2018

Til neste haust og vinter leverer Admir Batlak ein variasjon av stramme antrekk i levande teksturar. 

Tekst og bilete: Jonas Øren

Kroppsnære blazerar, skjorter, topper og knelange skjørt – dette er snitt og plagg Admir meistrar godt. For haust- og vinterkolleksjonen 2018 viser Batlak korleis materialitet og tekstur er med på å bryte med illusjonen til dei stramme snitta. Metall og eit nesten eksotisk fargespekter er gjort levande med ujevne strukturar – noko som komplimenterer måleria til kunstnaren Sverre Wyller som er utstilt på Galleri Riis. Plagga framstår nesten levande og kan på avstand kanskje minne om fiskeskjell eller pels.

Modellane står rake og stramme som statuer. Alle har særeigne poseringar. Ein autrert hår+cap-installasjon bryt med den elles reine forma som gjennomsyrer kolleksjonen. Admir Batlak har satt saman snitt og plagg som han har vist i tidlegare kolleksjonar og oppgradert dei. Desse fungerer utruleg godt saman og utgjer ein total og velsamansatt heildom. Slik fungere kolleksjonen nesten som ei best of-visning!