ESP Haust/Vinter 2018

ESP5.jpg

Kolleksjonen til ESP vart presentert på verkstaden på Økern.

Tekst og bilete: Jonas Øren

Elisabeth Stray Pedersen jobbar innanfor ei form og eit rammeverk som kanskje høyres einsformig ut – å jobbe med norsk kvalitets ull som utgongspunkt. Men sesong etter sesong viser designaren at dette er eit carte blanche som gir mange moglegheiter. Ikkje minst ved at det skapast ein signatur som skiljer seg i massane av moteprofilar. Erkenorsk møter moderne saum og linjer, og resultatet gir meirsmak som strekk seg langt over landegrensene.

ESP1.jpg

Haust- og vinterkolleksjonen som vart vist i verkstaden til Stray Pedersen på Økern i Oslo var ikkje eit unntak. Det var flott å oppleve verda som designaren skapar plagga i, og publikum satt strengt plassert på rad og rekke langs stoffrullar, sjablongar, symaskiner og esker. Genialt, då ein ikkje treng å reise så langt for å finne dei beste løysingane. Plassert på kjøkkenet var to musikarar som skapte lydbiletet.

Kolleksjonen viste meir eller mindre ein komplett garderobe av overdimensjonerte plagg, alle skapte i ull. Her var ulike variasjonar av yttertøy og kåper, blazerar, sweatshirts og hoodies, joggedressar, bukser og skjørt, samt tilbehøyr som totebags. Som kontast var enkelte innslag av silke lagt inn blant ullantrekka, som skjørt, flagrande drakter og blusar. Ser ein på stoffligheita i dei to materiala, gir dei noko svært ulikt.  Alle plagga av ull står stivt frå kroppen og skjuler kroppen sin eigenart. Dei påverkast lite av rørsle og framstår nesten skulpturelle. Silken fell derimot tungt over koppen og formast av både rørsle og kurver. Kontrasten framheva eigenarten til stoffa og vart svært effektfullt.

Ein smakfull, spanande og ikkje minst interessant kolleksjon som absolutt kan selje godt både her heime og internasjonalt.