Michael Olestad Haust/Vinter 2018

Michael Olestad.jpg

Les kva PS: MAGASIN meiner om den første visninga under Oslo Runway, signert Michael Olestad.

Tekst: Jonas Øren

Michael Olestad opna Oslo Runway med sin fjerde kolleksjon i overlyshallane på Kunstnernes Hus. Eit mektig lokale i seg sjølv, som med Vanessa Baird sitt omstendelege kunstverk You Are Something Else som rammeverk skaper eit heilt anna bilete ­– bokstaveleg talt. Dei groteske teikningane kontrasterer forventingar til motevisningsforma og er slik ein genial juxtaposition. At Nils Beck skapte lydbiletet gjorde også mykje for den totale opplevinga. Her samanfattast element som både glir inn i og samtidig avviser kvarandre; som kolleksjonen i seg sjølv.

Sett under eitt er kolleksjonen veldig i tida med sitt mangfoldige og slik udefinerte uttrykk. More is more samtidig som at minimalismen blir poengtert. Stram skreddersaum sidestillast med dekonstruksjon og overlessa detaljar. Det er mykje som skjer når kontrasterande uttrykk adderast saman. Resultatet; ein heildom som fungerer overraskande godt – både saman og individuelt.

I tidlegare kolleksjonar har Olestad arbeida med eit tydlegare fokus på definerte looks som krever den satte samansetjinga av plagga. I denne haust- og vinterkolleksjonen går Olestad meir inn i å understreke verdien til enkeltplagget, utan at heildommen blir uinteressant eller platt. Slik ser vi tydeleg at det ligg meir enn tidlegare ein tanke på kommersialitet til grunn for arbeidet.

Visninga opna med ein enkel raud [Valentino-raud] kjole med dekonstruerte detaljar. Frå dette utgongspunkte tok Olestad oss med på ei reise gjennom heile garderoben; stramme drakter, variasjonar av yttertøy, strikkeplagg, gensarar med silketrykk og lettare toppar og skjørt. Det er spanande å sjå utviklinga som har skjedd med stoffligheita til plagga til Olestad. Frå å ha fokusert mykje på materialar som først og fremst har framheva ein spesiell utsjånad, til dømes fleece, tette polyesterstoff og lakka overflater, er fokuset nå mykje meir på det taktile. Tungt skinn, kamelhår og ullstoff blir miksa saman med tekniske materialar.

Kolleksjonen viser eit spekter av fargar; raudt, dueblått, kamel, brunt, marineblå og metalliske fargar. Spekteret av plagg og silhuettar er mange, og blir utradisjonelt sett saman. Vi ser overdimensjonerte element som mellom anna kragar, cutouts, fjærlette volangar som detaljar på gensarar og strømpebukser, den karakteristiske opninga i buksebeinet, shorts, hetter også vidare og så vidare. Kudos for veldig spanande maskulint yttertøy i form av bikerjakke, ei tung trenchcoat i skinn og ein dobbeltspent kamelhårsfrakk. Dei stramme elementa blir omslynga av dei lausare detaljane i form av karakteristisk drapering og overdimensjonalitet.

Olestad har gjort mykje suksess med tilbehøyr og særleg smykker og øyredobbar. Neste vinter er det pengeklyper og gullhoops med blomsterdetaljar som gjeld i øyrene.

Vi gratulerer Michael Olestad med ein spanande og samansett kolleksjon som vi håper kan lettare innta marknaden enn tidlegare kolleksjonar. Uttrykket er framleis tydeleg av Olestad, men denne gongen meir angripeleg og enklare å handtere.