byTimo haust/vinter 2018

byTiMo viste sin kommande vinterkolleksjon på Theatercaféen.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Fredrik Austad

For andre sesong på rad presenterer byTiMo kolleksjonen sin på Theatercaféen i Oslo, ein location som automatisk legg ei ramme for kjensle og ikkje minst integritet. Det er nemleg ikkje alle som kan vise på Theatercaféen.

byTiMo er ei merkevare med tydelege fundament. Det vil seie; ein veit kva ein vil sjå når ein skal sjå ei byTiMo-visning. Det er då snakk om kjolar, blomstermønster, blonde- og knipplingsdetaljar. Forutan det meir rocka uttrykket som byTiMo viste for eit år sidan, har forankringa i det meir luftige og søte lagt som ein pilar.

Å bli overraska er ei forhåpning som difor ligg latent for meg som sitt i ein av båsane på Theatercaféen når den cinematiske fiolinmusikken starter og lysriggen blir slått på. Og dei tre første antrekka overraskar meg; det er noko mørkt, kompakt og mystisk som verkeleg står i kontrast til det erketypiske for merket. Ei ankellang fuskepelsjakke over skjorte og bukse, ein parisisk a-linja kjole som signaliserer både 60-talet, MOD-rørsla og YSL med slufsesløyfe i halsen og ein mørk fotsid kjole. Men etter dette forsvinn det mørke og mystiske og løysast opp i ei samansetjing av antrekk og uttrykk som det er vanskeleg å finne ein rød tråd i. Det er mange spanande idéar som oppstår gjennom plagga, men dei får dessverre ikkje nok plass i visninga til å verkeleg kunne oppstå. Det totale uttrykket er dessverre for ukonsekvent. Ein ser referansar til Kina og Japan, señoritas, huset på prærien og sallon girls, hippierørsla, samt skreddersaum frå 60-talet. Og det er mengder av blomar, blonder, patchwork og paisley-mønster. I tillegg er det ei mengdar av silhuettar. Den som ser kolleksjonen forstår ikkje heilt kva slags kvinne/jente byTiMo refererer til, då variasjonen går frå det barnslege via det dristige til det oppkneppa.

Tine Mollatt, kvinna bak byTiMo, arbeider med vidareutvikling av eksisterande design. Det ligg mykje historie bak eit byTiMo-plagg med tanke på referansane som ligg bak – og slik fungerer eit plagg dokumenterande i forhold til både historie og samtid. Metodane Mollatt bruker er spanande, og er eit resultat av ei årelang interesse for vintage-plagg. For haust- og vinterkolleksjonen for 2018 ser det ut som om design teamet har hatt mange gode idéar – kanksje litt for mange. For å enklare kunne sjå kolleksjonen som ein heildom hadde det vore betre om some darlings had been killed in the process.

 tillegg til dei tre første antrekka var det sterkaste mellom anna detaljar som overdimensjonerte kraga og cuffs på ein rosa kjole, draktsetta og dei eggeskallfarga kjolane med perler og appliké. Alle antrekk som utfordrar silhuett gjer seg veldig godt, og dette er noko Mollatt og hennar team meistrar på ein god måte. Meir av dette!

﷽﷽﷽﷽﷽﷽