Admir Batlak SS18 – Déjà Vu (You Again)

Torsdag kveld presenterte Admir Batlak kolleksjonen Déjà Vu (You Again) for vår/sommar 2018 – sirkus, Shakespeare og samtidskunst.

Tekst: Jonas Øren
Foto: PS: MAGASIN

Tradisjon tru hadde svært mange møtt opp for å få med seg visning i Galleri Riis sine lokalar i Arbins Gate i Oslo. Køen gjekk nesten heilt opp til Drammensveien. Skal ein sjå til ein annan som hadde peiling på køar, må ein nemne mannen bak Studio 54, Steve Rubell, som definerte verdien av ein "god kø". Eg kan ikkje hugse ei Admir Batlak eller ei Batlak og Selvig-visning der det ikkje har vore smekk fullt. – Ei lita avsporing og ein liten allegori dette, men absolutt eit kodus til Batlak for popularitet som går ut over motebransjen.

Som norsk motedesignar var Admir Batlak tidleg ute med å flytte seg ut frå den klassiske visningsarenaen for mote. Han har jobba mot ei opphøging av mediet ved å sparre med kunst for kontekst og konsept. Samarbeidet med samtidskunstgalleriet Galleri Riis og Kristin Bråten har gått over fleire år – først med kolleksjonane til duoen Batlak og Selvig. I dag er det blitt eit slags konsept i seg sjølv, då fleire av visningane har tatt form rundt lokala og adressene til galleriet.

Lokala til Galleri Riis i Arbins Gate ligg i to opphøgde førsteetasjar. Dette passa svært godt til konseptet for visninga, som bygde på ein klar tanke om dualitet. Todelinga av kolleksjonen vart understreka ved å presentere han i to separerte lokale. Antrekka og kunsten i romma snakka automatisk med kvarandre. Og saman vart to ulike uttrykk skapte, men som likevel korresponderte saman. 

Ein kunne sjå fleire referansar til tidlegare kolleksjonar, både under eige namn og kolleksjonane til Batlak og Selvig. Her såg ein gjenkjennelege silhuettar og materialteknikkar, både vidareførte og vidareutvikla – lårkorte kjolar og skjørt, volangar, markerte skuldre. Ein variert materialbruk stod seg fram i denne kolleksjonen, representert mellom anna gjennom ei slags forenkla for form patchwork. Dei fleste plagga også relativt kroppsnære.

Favorittplagga var å sjå i galleriromma til høgre. Måleriet Ophelia av John Everett Millais er inspirasjonen til plagga og utforminga av presentasjonen her. Stemninga var veldig konsentrert her,  understreka av regien satt av dansar og koreograf Marianne Haugli.
Modellane, as if lying in a watery grave, var ikledd skimpy, lårkorte kjolar med eit fargesterkt blomstermønster og vel så snaue – undersized om du vil – skjorter med eit Liberty-aktig mønster på krage og mansjettar. Det er her detaljane i tekstilane understrekar uttrykket i måleriet Ophelia. Blomstermønsteret er brote og det ser ut som vi ser det gjennom vatn.
Kjolane er utruleg vakre. Skjortene er kule (!) og blir truleg noko fleire vil gå med neste vår. Det følast ser ungt ut og gir samtidig ei kjensle av noko roleg og poetisk – "Miu Miu-esque", men likevel annleis. Designaren sjølv nemnte filmen The Virgin Suicides av Sophia Coppola som ei anna inspirasjonskjelde – ung død ser bra ut i verda til Admir Batlak også.
Smykkene av fjær og strutsefjær vart unødvendige reint estetisk her. Det vart ein referanse og ein raud tråd til resten av kolleksjonen og fungerte også visuelt bra med tanke på flyten det gav til dei statiske modellane. Men som eit sjølvstendig antrekk med heildom vart det mykje. Det som trakk ned på den visuelle heildommen var Superga-skoa. Desse ser ein over alt elles, og over definitivt ikkje like spanande som kleda dei vart satt saman med.

I gallerilokala til venstre var uttrykket ikkje like konsentrert som eit heile, men dog interessant med tanke på utforsking og vidareføring. Ein kunne trekke parallellar til sirkus, sigøynarar, Sør-Spania og folkedraker – noko som vart oppsummert i artsy ballerinaer.  Eit bouncy skjørt av store volangar med eit tydeleg blyantforma underskjørt over ei skjorteaktig jakke i eit frotté-liknande stoff – dette plagget gjekk igjen i ulike versjonar. Den knelange tutuen var spanande konstruert.
Her var den totale kjensla meir artsy, ung og utforskande, og antrekka mindre wearable. Men sjølv om salet truleg ikkje kjem til å gå i taket, betyr ikkje det at det ikkje var spanande å sjå.

Med Ophelia som muse skapte Admir Batlak nydelege sommarkjolar, skjørt og skjorter som bør bli sett på gata neste sommar. Vi gler oss.