Symbolikk: BIA

Biene dukker stadig opp som symbol i klede og livsstilsprodukt, så vel som kunst og samfunnsstrategi. Kva er det med dei honningproduserande insekta som er så spesielt?

Tekst: Jonas Øren
Film: Elisabeth Gripsrud

Biene er eit dyr som menneska gjennom tidene har funne inspirerande. Måten samfunnet innanfor bikuben fungerer i praksis, har inspirert mang ein monark og hærførar. Både egyptiske kongar og Napoleon Bonaparte brukte bia som symbol for si regjerande makt. Samfunnsstrukturen i bikuben blir styrt av ein orden som heilt og haldent er driven av instinkt.

Honningbia, som i tusenvis av år har vore rekna som eit husdyr, er hyppig brukt som symbol innanfor både kunst, litteratur og mote. Vi finn ho på Guerlain sine historiske parfymeflankongar, så vel som i blant anna Dior, Gucci og Dolce & Gabbana sine ready-to-wear kolleksjonar og tilbehøyr. Her i Noreg såg vi heksagon-forma i Edda Gimnes sin siste kolleksjon, presentert under Bik Bok Runway Award – ein klar referanse til biene.

PS: MAGASIN har snakka med Rasa Maria Gundersen som driv birøkting i forhold til parfymekreasjon og helsekost. Gundersen er parfymør og driv også med ernæringsfysiologi der ho skapar honningbie-baserte helse- og skjønnhetsprodukt under namnet Naturales

Sjå filmen frå møtet med Rasa Gundersen under. Saka om symbolikken rundt bia kjem i neste utgåve av PS: MAGASIN.