HAY x IKEA & HAY x COS

HAY er på veg til å etablere seg som eit hushaldningsnamn her i Noreg. Saman med svenske merkenamn vidareførast og utviklast designkonsepta til ekteparet Mette og Rolf Hay.

Tekst: Jonas Øren

IKEA

Samarbeidet mellom det danske designfirmaet HAY og møbelprodusenten IKEA har resultert i ein stor kolleksjon som rommar det meste til huset – frå papirserviettar til spisemøblement.
Og av objekt, møblar og tilbehøyr i kolleksjonen er det mykje spanande som frå 6. oktober vil bli å finne hos IKEA, og då til skremmande gode prisar. Skremmande av den grunn at ein blir å spørje seg sjølv korleis det er mogleg å selje eit produkt til ein så låg pris. Nå har det seg sånn at det tek i gjennomsnittet 30 sekund å støype plaststolane i kolleksjonen.

Kolleksjonen har fått namnet YPPERLIG, noko som skal avspegle gongen i samarbeidet mellom det danske designekteparet og den svenske møbelgiganten. Det er alltid interessant å sjå kva problemstillingar som oppstår undervegs i ein prosess og kva dette gjer med det endelege resultatet. Ut i frå namnet på kolleksjonen høyres det ut til at dette har gått knirkefritt. Fokuset har vore å finne brukarvennlege og rimelege løysingar ­– og skal vere absolutt mykje meir enn bare eit marknadsføringsstønt.

Mette og Rolf Hay jobbar alltid med eit utgongspunkt i avansert industriproduksjon, noko som har gått godt saman med tankegongen til oppdragsgivaren. Mette er oppteken av å skape tilbehøyr til heimen og bruker mote og trendar som inspirasjon i dette arbeidet. Ein ser klare referansar til linjene og fargane i HAY sine eigne produkt, men då med ei anna utføring når det kjem til materialval.

Samarbeidet har til saman resultert i 63 produkt. Av desse er nokre klassikarar frå IKEA vidareført og redesigna. Av desse er den veldig tidsriktige IKEA-posen, FRAKTA, gitt ei ny drakt med nye fargar og mønster. I tida der enorme plastposar har fått sin renessanse, er ikkje dette dumt.

Kolleksjonen er å finne i IKEA sine varehus frå 6. oktober.

 

COS

Motemerket COS, det minimalistiske og scandi-chic-baserte dotterselskapet til H&M, har i fleire år samarbeida med HAY i forhold til interiøret i butikkane sine. Dei har også samarbeidd om designet på ein liten kolleksjon av bord.
I fleire sesongar har utvalte HAY-produkt vore i sal i nokre COS-butikkar, samt på web-butikken til motemerket.

For hausten har COS satt saman – kuratert om du vil – eit utval av ulikt tilbehøyr og større møblar.