På bordet

Dei fleste ting har ei historie. Les nokre av dei her.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Ole Musken / Palookaville

I austen er teseremoniar og tekunst ein viktig del av kultur og sosialt liv. Japansk teseremoni, kalla Cha No Yu, skiljer seg særleg ut med strenge retningslinjer, føringar og tyngde.
Tradisjonelt skal ritualet skje i omgivnader som vitnar om fornem fattigdom. Askesen, altså det å øve seg på å leve, er for japanerane essensen av sann skjønnhet. Rituala vart til på slutten av 1500-hundretalet som ein del av Zenbuddhismen og handlar om reinsing og foreining med naturen. Stega i seremonien omfattar alt i frå arkitektur, hagebruk, hagearkitektur, keramikk- og blomsterkunst. Stor teboks i heiltre 1299,–  og liten boks i metall 319,–. Teesker i kirsebærbark lagast kun i Kakunodate, nord i Japan.  På 1800-talet laga samuraiane eskene for å tene ekstra pengar. Barken pustar, samtidig som fuktighet haldast ute. Handlaga koppar frå Japan, 209,–. Handlaga støypejernskanne, 1299,– og underlag, 319,– av den japanske designeren Hisanori Masuda. Støypejern held godt på både varme og aroma. Alt frå Palais des Thés. Porselensfat 1500,– / Hermès. Keramikkrukker frå Rydeng Kunsthandel.

Blomen krysantemum, og særleg kvit krysantemum, er brukt mykje i kunst og interiør. Det var favorittblomen til den kinesiske keiserinna Cixi. Japansk teseremoni har røter i kineskisk tekunst, men utvikla seg til noko eige på slutten av 1500-talet. Skjermbrett, bord og metallblomar frå Rydeng Kunsthandel. Krysantemum i frå Blomstersenteret i Homansbyen.
Det er skrive fleire bøker om den karismatiske keiserinna som på 1800-talet indirekte styrte Qing-dynastietog Kina. Ho var den siste keiserinna og er også kjend for sine strenge skjønnhetsritual, der det å ete blomar var populært. Eit fenomen i dag kalla flowerfood.

Parfymane frå Memo Paris er laga av ekteparet Clara og John Moloy. Etter å ha møttes i ein heis bestemte dei seg for å putte duftene dei hadde opplevd frå ulike reisemål på flaske. Til venstre er Luxor Oud, som med notar av mandarin, rose, røde bær og tonkabønner skal gi ein illusjon av Egypt og Nilen. Til høgre er Italian Leather. Med notar av mellom anna lær, grønne tomatblad, og sandaltre. Luxor Oud 1500,– og Italian Leather 1575,– / Gimle Parymeri.

Hattedesigner over alle hattedesignerar, britiske Stephen Jones, har saman med Comme des Garçons laga parfymen Stephen Jones Millinery. Verdas kanskje mest tydelege hattemakar, nest etter han i Alice i Eventyrland, gjer kreasjonar for alt i frå Dior Haute Couture, Jil Sander, Salvatore Ferragamo, Marc Jacobs, Victoria Beckham, og så vidare. Som seg hør og bør, parfymen kjem i ei lita hatteeske. Steven Jones Millinary 995,– / YME Universe. Alexander McQueen slangeskinnsclutch. Smykke / Lanvin. Armband 5200,– og 4200,– /Hermès.

FRÅ PS: MAGASIN NO. 1