T-Michael x Norwegian Rain x Modern Tribute

Britisk skreddarsaum, innovative regnklede og mid-century møblement er presentert over 380 kvadratmeter når bergensduoen T-Michael og Alexander Helle slår seg saman med Erik Beugnet – midt på karl johan i oslo.

Tekst: Jonas Øren
Foto: PS: MAGASIN

L1200220.JPG

Kunstnernes restaurant Blom, ein gong møtestad for kunstnarar og bohemen av hovudstaden [også stamstaden for Kunstnerforeningen fra 1886], har sidan 2006 stått tom. I dag husar "bodegaen"  ein ny og kreativ konstellasjon. 

Bergensduoen T-Michael og Alexander Helle har lenge motteke mykje merksemd internasjonalt for sin interpretasjon av regnklede – her fusjonerast handverk og skreddarsaum med innovasjon og hi-tech. Sidan lanseringa av den første kolleksjonen på midten av 2000-talet, har Norwegian Rain eskalert, noko som kjem til uttrykk gjennom den nye og utruleg visuelt flotte butikken i paradegata i Oslo. Saman med Modern Tribute, aka. Eric Beugnet, og hans mid-century møblar, blir kunstobjekt og fotografi presentert i ein herleg miks i dei generøse lokala.
 

L1200218.JPG

Jon Løvøen har gjort mykje av interiøret som pregast av nydelege detaljar i tre og metall. Den tidlegare restauranten innehar framleis den spesielle fontena i det inste rommet, og ein kjem også ut til ein flott hage som leier vidare inn til Det Norske Teateret. Her planleggast ulike arrangement og stunt i framtida.

T-Michael skaper made-to-measure skreddarsaum, sko og tilbehøyr. Uttrykket balanserer skarpare silhuettar med meir avslappa detaljar – gjerne framkalt av materialitet og tekstur. Sistnemnde er særleg poengtert, då T-Michael også designar sine eigne stoff. Michael er kjend for å vektlegge eit markert skulderparti, og gjer gjerne armhola smal for å få fram ein forlenga torso. Andre signaturar er at jakkene og blazerane alltid treff midten av låret, buksene kjem med finurlege detaljar og at sløyfa skal sjølvknytast. 

Det store utlandet som har altså slått ring rundt dei elegante frakkane, capane og kåpene signert Norwegian Rain – som er å sjå i kjende high end multibrand stores som til dømes Barneys og Harvey Nichols, samt over 40 butikkar i Japan.
Designa er distinkte, med klassiske detaljar som møter overraskande linjer og silhuettar – frå tradisjonelle enkeltspente frakkar og lettare jakker, via generøse capes og kåper til yttertøy inspirert av samurai-rustningar.

L1200202.JPG

Modern Tribute er eit føretak og ein butikk som er starta av franskmannen Eric Beugnet. Eric har utdanning i kunsthistorie og språk, og interessa for kunsten gjorde at han vidareutdanna seg innanfor feltet. I løpet av eit år tok han eit kurs i kunst og antikvitetar ved Sotheby’s Institute of Art i London. Her lærte han om kunst og antikvitetar frå oldtida i Egypt og fram til i dag.
Avsluttingsoppgåva ved utdanninga vart skriven om påverkinga Japan hadde hatt på interiøret og arkitekturen til arkitekten Frank Lloyd Wright. Det var mykje fokus på moderne møblement og franskmannen vart fascinert. Etter Eric flytta til Oslo fekk han etterkvart ei stilling ved det danske auksjonsfirmaet Lauritz som vurderingskonsulent.

Føretaket Modern Tribute starta med eksport av hovudsakleg skandinavisk mid-century design til USA og til ein amerikanar med butikk i New York City. Fokuset var på kvalitet og korleis møbelet eller objektet var restaurert. Eric jobba mykje med restaurering av gamle møblar og i byrjinga gjorde han alt sjølv. Spesialiteten er fransk fletting, papirgarnsfletting, samt møbeltapetsering og skinnarbeid.
Design frå det 20. hundreåret står i høgsetet, med ein særleg kjærleik til Bauhaus-stilen, funskjonalisme og mid-century design.

L1200213.JPG
L1200208.JPG