Seams

Klesbutikken Seams skiljer seg positivt ut i bybiletet i Trondheim. Her får moteuttrykk som wasp og cruise eit nytt og moderne tilsnitt, for ikkje snakke om street cred.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Vegar Herstrøm

Er det ein klesbutikk ein bør stikke innom i Trondheim, er det altså Seams. Med eit repertoir av brands og eit konsept som skiljer seg også ut nasjonalt, er butikken altså ein stad ein bør legge inn i agendaen. Her finn du klede som kombinerer det avslappa og oppdressa – ein oppdatert og lausare versjon av det tradisjonelle wasp-uttrykket i moten.

VH_Seams_120717_DSC8416.jpg

Men kva i all verda vil dette seie? Jo; ei blanding av skandinavisk minimalisme, fransk preppiness og silhuettar av amerikansk workwear. Eit quirky tilsnitt som ein morosam detalje eller mønster, andre ting av ei meir klassisk tilnærming – samansett gir kleda ein illusjon av tradisjonell cruise-livsstil og reise. Det finst altså fleire versjonar av den stripete, marineinspirerte gensaren og linskjorta

VH_Seams_120717_DSC8459.jpg
VH_Seams_120717_DSC8474.jpg

Innanfor veggane finn du merkenamn som blant anna Libertine-Libertine, Maison Labiche (!), A Kind of Guise og Anecdote. Her er også japansk reisetilbehøyr og vesker, sneaker-samarbeidprosjektet til slovenske Novesta og Universal Works, samt dufter frå norske Son Venïn og amerikanske FIELE FRAGRANCES.

Heimesida til butikken anbefalast også, då du her kan faktisk kan lese ein blogg med interessant innhald. Sjekk ut www.seams.no for stoff om det å drive klesbutikk, musikk og livet i Trondheim.

VH_Seams_120717_DSC8449.jpg

Nedre Bakklandet 20 D, Trondheim