Mat fra Hagen

Mat Fra Hagen er definitivt ein av dei beste vegetarrestaurantane i Noreg, om ikkje i heile Nord-Europa. Konsept, fokus, mat og pris gjer staden eit naturleg førsteval i bartebyen.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Vegar Herstrøm

VH_Hagen_Bakklandet_120717_DSC8258.jpg

Konseptet Mat fra Hagen handlar om å tilby det beste av lokalproduserte grønsaker – anten i form av to-go-rettar, rullar, eller buffet. Buffeten, også kalla markedet, har ein et-så-mykje-du-vil policy. Rettane endrast naturlegvis saman med årstidene, men utvalet her definerast av salatar, hummus, gryter, rullar og variasjonar av kjende rettar. Mini-hamburgerar med "kjøtt" av nøttemasse og austerssopp-lasagna var favorittar då eg besøkte staden tidlegare i sommar.I tillegg var vatnmelom-smoothien like leskande som det skulle tilseie!

VH_Hagen_Bakklandet_120717_DSC8316.jpg
VH_Hagen_Bakklandet_120717_DSC8272.jpg
VH_Hagen_Bakklandet_120717_DSC8334.jpg

Maten og grønsakene blir røykt eller grilla og det nyttast spanande sausar og krydder.

Prisane, og då særleg på markedet-buffeten, er utruleg bra i forhold til maten og mengda du får servert. Begge tomlane opp!

Staden er enkelt og og passande innreidd med trekvite overflater og kvite fliser på veggane. Det handlar om bærekraft og gjenbruk, så maten etast rett på serveringsbrettet og vatnet drikkast frå brukte syltetøyglass.

Nedre Bakklandet 75, Trondheim