Det beste av Bakklandet

Her er nokre av stadane ein bør svinge innom når ein er på austsida av Nidelva i trondheim.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Vegar Herstrøm

 

BAKLANDET SKYDSSTASJON

Baklandet Skydsstasjon er ein tradisjonell og koseleg stad. Tradisjonelt er ordet – her får ein smørbrød, middag og kaker – i rom og stuer med skeive veggar og gulv. Lokala, som går heilt tilbake til 1700-talet, er heilt unike. Baklandet Skydsstasjon er særleg kjend for sin varme sjokolade. 

Øvre Bakklandet 33, Trondheim

ANTIKVARIATET

Med ein av dei beste – ja, kanskje den mest eksklusive utsikten til Nidelva – er musikk- og bokbaren Antikvariatet ein bra stad for alle former av sosialisering. Og då særleg dates. Den lille altanen med plass til to personar som stikk utover Nidelva er ein perfekt stad for nettopp dette. 
Gå heilt innst. Her sitt du blant bøker, noko som alltid er godt for hjartet. Om praten lunknar kan ein alltid dra fram eit brettspel. 

Nedre Bakklandet 4, Trondheim

brøøl

I PS: MAGASIN 12 snakka eg med ulike ølentusiastar om mirkobryggtendensen. Her vart eg forklart at ølbrygging og brødbaking er mykje av same sak. 

Dette har BRØØL gjort til eit konsept, som kombinasjonen bakeri og ølstads under same tak. Her bakast surdeigsbrød basert på lokale mjøltypar og urmjøl. Desse kan kjøpast to-go eller etast her, gjerne då kombinert med øl eller kaffi. Utvalet av både øl og brød er sesongbasert.

I tillegg serverast det dagleg gryte som seljast per porsjon, og som også er laga for å kle øl. 

Nedre Bakklandet 6, Trondheim

Bakklandet blomster

Blomsterbutikken som ligg på Nedre Bakklandet skiljer seg ut både konseptuelt og estetisk. 
Her kan du abonnére på på blomar eller til dømes kjøpe vekas bukett, ein bukett til fast pris som alltid er laga av friske og nysnitta blomar. Både privatpersonar og bedrifter kan få skreddarsydd eit blomekonsept til bolig eller kontor. Slik fingerer den lille butikken også som eit blomestudio.

Her finn du også spanande plantar, flotte interiørartiklar og tilbehøyr. Måten 

Butikken er gode på internett og sosialemedier. Sjekk ut heimesida, www.bakklandetblomster.no

Nedre Bakklandet 3, Trondheim