SALT

kunstprosjektet salt er på hell.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Magnus Nordstrand

I vår og sommar har kunstprosjektet SALT vore ein tydeleg del av havneområdet  ved Vippetangen i Oslo. Fram til midten av september vil prosjektet framleis leve her i Oslo.

SALT tek for seg nordleg arv og blandar tradisjonelle aspekt frå kultur, arkitektur, natur og historie med samtida og populærkultur. Blandinga er, som bakmennene sjølv seier, eit nomadisk kunstprosjekt. Prosjektet kjem fram som eit område av ulike bygningar og installasjonar tilrettelagt for uteliv, utstillingar, konsertar, og sauna. Club-sauna har blitt eit populært konsept der tekno-musikk og tradisjonell finsk badstu er ein realitet. Trykk HER for link til programmet.

Om ein ikkje har større ambisjonar enn ein øl eller ein kopp kaffi, kan SALT CAFÉ vere ein idé. Her er eit tradisjonelt naust innreidd som kafé og bar, og fungerer like bra på kvelden som om dagen. 

2017.07.15-PS-441 copy.jpg
2017.07.15-PS-381 copy.jpg
2017.07.15-PS-402 copy.jpg
2017.07.15-PS-417 copy.jpg
2017.07.15-PS-422 copy.jpg