Bik Bok Runway Award 2017

Bik Bok Runway Award gjekk av stabelen for andre gong under Oslo Runway tidleg torsdag kveld. Med prisen ønsker Bik Bok å skape ein platform og det ein kan kalle eit post-springbrett for innovasjon innanfor nyetablert norsk motedesign.

Tekst: Jonas Øren
Foto: PS: MAGASIN

Dei fem utvalte som fekk vise ein kolleksjon under gårsdagens visning var Edda Gimnes, Michael Olestad, Kit Wan Studios, Design Agency Moiré og Raske Rêvêr – ein sprek kombinasjon av namn som dekker både det kommersielle, det eksperimentelle, innovativ vinkling og forsking i materie, så vel som politiske statements.
Det hadde vore interessant å få kjenne på temperaturen bak scena i forkant av visninga; om det var spenningar mellom dyrerettighetskiltarar Raske Rêvêr og Edda Gimnes, vinnar og bronsevinnar av to internasjonale designkåringar for bruken av pels.  Bik Bok Runway Award hadde altså breidde også når det kom til ideologi.

Vinnaren vart Michael Olestad. Det var kulturminister Linda Helleland som overrakk vinnartroféet og ein pris på 100.000,- til ein rørt designar. Med ein lite innøvd tale understreka ho moten sin posisjon som identitetsmarkør og fastslo også kor viktig moteskaping er i forhold til kulturell, politisk og tidsmessig kontekst. 

Les meir om dei ulike visningane under.

 

 

Edda Gimnes

Bik bok runway awards.jpg

Edda Gimnes har sidan utgongen frå The London College of Fashion fått mykje merksemd for sitt design og sin tilgong til mote. Ho kan som tidlegare nemnt skilte med fleire utmerkelsar i internasjonale motekåringar, og har med sitt designuttrykk skapt ein raud tråd som det er interessant å følge. 
Kolleksjonen ho viste under årets Bik Bok Runway Award var ein total kolleksjon i tradisjonell forstand, daywear, swimwear og eveningwear, noko som var fint å sjå i denne visningskonteksten, som ofte kan bli vel konseptuell. Dette til tross; Gimnes gir derimot ikkje slipp på konsept, ei heller den raude tråden som er hennar identitet som skapar – noko ho viser i alle plagg, sko og accessories.

Utforkinga av levande skisser og enorme silhuettar frå tidlegare kolleksjonar har gått frå to- til tredimensjonalitet gjennom bruk av prints og grovskissedetaljar. Klassiske silhuettar blir bokstaveleg talt understreka, og saman med spanande prints legg nettopp dette utgongspunktet til interessant tekstildesign og formligheit. 
Kaleidoskopprint av perler og krystallar, grovtskisserte heksagon (kanskje a la Sarah Burton for Alexander McQueen sin bie-inspirerte kolleksjon, vår/sommar 2013) i syrlege tonar av gult, grønt, oransje og brunt, går over overdrivne A-former, timeglass-former, badedrakter, overdimensjonerte solhattar, lårhøge tights-boots og frekke versjonar av Lady Dior-veska. Det brytast av pust med einsfarga nummer i kjølige pastellar. Pelsen var lagt til detaljar på jakeerma. Også Gimnes hadde lagt til tech-detaljar, noko som tydelegvis er umogleg å kome i frå for tida.

Kolleksjonen er morosam og blitt meir wearable. Det er flott å sjå vidareutviklinga av designet og at dette blir tatt i ei retning som strekk seg lenger enn til bloggarar/innflytarar som går i skytteltrafikk utanfor visningsarenaen. Og det er også spanande å sjå nokon som kombinerer tendensar i samtida med meir typisk high fashion.

 

 

Kit Wan Studios

Bik bok runway awards2.jpg

Kit Wan frå Hong Kong viser igjen ein hærskare av det som framstår som ei blanding av club kids, fetisjistar og animefigurar i si visning! 
Army-begrepet har blitt ei greie i moteverda – i alle fall ein hashtag – og Kit Wan introduserte konseptet i Noreg ved avgongsvisninga han hadde på MA i motedesign ved Kunsthøgskulen i Oslo i fjor vår. Ein Kit Wan Studios-hær har tydelegvis kome for å bli. 

Designaren fortsett med dette i visninga si under Bik Bok Runway Award, men då med meir sporty detaljar. Kolleksjonen har ved første augekast eit voldsomt ytre, men underliggande er det spanande og intrikat, både når det kjem til materialval, layering og samansetjing. Begrepet lag på lag er her synonymt med detalj på detalj. Dei mest intrikate antrekka framstår som å ha ulike aspekt, og det er stadig nye ting å oppdage. Med heftige prints, lakk, fuskepels og tekniske materialar, for ikkje å snakke om ein utradisjonell bruk av hemper, glidelåsar og liknande, får dei nesten eit uttrykk som origami eller blomar. Det harde uttrykket møter slik motstand av si eiga form. Dei enklare antrekka står ikkje like sterkt fram åleine.

Det hadde vore interessant å sjå dei same samansetjingane av antrekk og like silhuettar i andre, kanskje også meir tradisjonelle stoff. Sidan sist er parti med tekniske materialar og detaljar lagt til. Uttrykket er litt meir komprimert som eit heile, men er likevel intrikat og langt i frå kommersiell. Det kan derimot heller ikkje vere ambisjonen til Kit Wan Studios med denne kolleksjonen.

 

 

Michael Olestad

Bik bok runway awards3.jpg

Vinnaren av Bik Bok Runway Award speler på ei tolking av materialitet, dualitet og rekonstruksjon. Her ser ein mellom anna korleis klassiske plagg og detaljar ved desse kan brukast på fleire måtar. Kan dette kallast ei forsking i bruken av detaljane ved enkeltplagget, ei utforksking av tech-konseptet i moten? Det framstår som ei slags feminisering og oppmjuking av det som ellers skal vere praktisk og hardt. Kolleksjonen innehar også det som automatisk oppfattast slik og samansetjinga gir eit totalt og svært gjennomført uttrykk.
Statements skapast rundt dualitet og mangfald. Accessories og vesker går tilsynelatande "saumlaust" saman med ytterplagg – dualitet som også fungerer overraskande bra som ein heildom. Øyredobbar av straps som ein elles ser som detaljar på ytterplagg, som belter eller liknande, er andre eksempel. Skjortekjolar og skjorter, diverse ytterjakker, kjolar med cut-outs blir rekonstruerte heller enn dekonstruerte. I tillegg visast utradisjonelt tilbehøyr.

Olestad, som tidlegare har jobba for merkenamn som svenske Acne Studios og Ann Sofie Back, samt den britiske eksentrikaren Meadham Kirchhoff, har i løpet av sine to tidlegare kolleksjonar blitt kjend for bruken av materialar. Igjen viser han snodige draperingar og utradisjonelle måtar å få eit plagg til å møtast på/med kroppen.
I kolleksjonen ser ein prints som gir automatiske assosiasjonar til Oslo. Med bilete av arkitektur som visast i nokre av plagga og i detaljar som mansjettar, kjem Olestad med små, men tydelege referansar til hovudstaden. Også palletten i kolleksjonen, som er like mykje svalande som han er energigivande, gir assosiasjonar til Oslosommaren. Meir direkte statements finst i øyredobber og sandalar.
Finishen i plagga til Olestad er flott å sjå. Kantbanda på nokre av plagga er ein god detalj, og er også friskt i ei tid der så mykje skal vere rough around the edges

Om Kari Nordmann vil kaste seg over kolleksjonen er lite sannsynleg. Dette er ein kolleksjon som krev noko av bæraren. Og han vil også bli enormt populær framfor kamera.

 

 

Fashion Agency Moiré

Bik bok runway awards4.jpg

Kolleksjonen til Fashion Agency Moiré framstod som ganske ordinær sidestillt med dei andre aktørane under prisutdelinga – noko som handlar mest om at den er veldig salbar, og ikkje minst enkel å svelje.
Kolleksjonen innehaldt behagelege og enkle antrekk og hadde vidde både i uttrykk og looks – noko ein forventar av Fashion Agency Moiré, på lik linje med andre norske merkenamn som til dømes Iben, FWSS og så vidare. Det er klede for å seljast og brukast, meir enn tolkast og analyserast. Likevel er det fint å understreke at motedesign er ei kommersiell kunstform der det kommersielle er ein del av reglane om ein vil overleve. Norske designarar som er blitt kommersielle suksessar har gjerne til felles å jobbe i detaljenivå med denne. Kolleksjonen under lupa hadde spennvidde, men oppfattast ikkje som unødvendig lang. Fashion Agency Moiré hadde skapt ein kolleksjon av romslege, svalande plagg, som tidlegare nemnt er behagelege i både i uttrykk og stofflighet. 

Designarduoen, beståande av Charlotte Fische og Linn Breivik-Riberio, hadde som tidlegare leika seg med knytingar, dimensjonar og detaljar i metall. Øyredobbane var enkle, quirky og fine – og vart ein raud tråd gjennom visninga. Lukking med piercing à la Jonathan Anderson og store spenner gav det behagelege meir kant. Det same gjorde ein vrengt collegegensar brukt på ein utradisjonell måte. Ein statement-tekst vart slik avslørt – ein interessant tilgong til dei tidtypiske statement-plagga, der beskjeden sjølvsagt ligg på utsida av plagget. 
Det underliggande var kanskje eit tema her, men ein klar undertekst var likevel vanskeleg å oppfatte ved bare å sjå visninga. Her er enkeltplagget i fokus, men som harmonerer bra i kontekst. Slik vil kolleksjonen fungere godt som til dømes ein resort-garderobe, med stoff og fargar som tek ein eit steg lenger vekk i frå den typiske nordiske minimalismen.

 

 

Raske Rêvêr

L1200141.JPG

Designarduoen Lisa Kristindatter Mortensen og Solveig Aksnes skaper sportswear med politisk og samfunnskritisk kant gjennom Raske Rêvêr. Med gøyal og retro logobruk i ribs, klede og accessories på lett påkledde modellar, gir kolleksjonen ved første augekast assosiasjonar til lukkelege gymnastar i aust før jernteppet sitt fall.

Når ein derimot ser nærare på plagga, er mykje av passforma på modellane dårleg. Finishen er heller ikkje bra. Om dette er ein statement i seg sjølv håper eg ikkje! Det som på avstand kunne ha sett ut som ein hipp Lacoste-kolleksjon, er likevel ikkje det nettopp på grunn av det dårlege handarbeidet. Badedraktene og skjerfa er fine. Men er ikkje det å gjere silkeskjerf til ein signatur noko unorsk som er nettopp blitt typisk norsk? Det same gjeld logo på cap.

Kolleksjonen til Raske Rêvêr framstår for enkel i samanheng med dei andre aktørane. Men det som opplevast som kanskje ein naiv tilgong, viser likevel til noko leikent og nettopp gøyalt. Kudos for god stemning, klar agenda og applaus!