Jo Malone

Historia om Jo Malone starta I 1994, då merket gjorde seg markant med utradisjonelle duftsamansetjingar. Sidan den gongen har dufthuset blitt ein del av Estée Lauder-imperiet og innteke nesten femti land. Produkt og image skal speile det erkebritiske – og ikkje minst det som lukter av velbehag og heritage.

Tekst: Jonas Øren

4.jpg


Scenario og augneblinkar i frå dei britiske øyene, om det så er ein spasertur på ei sandstrand i Skottland eller ein tur i hagane i Vest-London på våren, det er dette produkta til Jo Malone skal gjenfortelje og skape illusjonar av. Her finn det kreative teamet inspirasjon, og tek med seg duftbileta frå dei britiske øyene tilbake til the townhouse – kontoret; eit georgiansk byhus med adresse 52 Gloucester Place – vest i den engelske hovudstaden. Celine Roux har ansvaret for duftutvikling og saman med sitt kreative team. Her har konsept som Fragrance StylingFragrance Combining – altså å kombinere to dufter for å skape ei eksklusiv duft (meir om dette i neste utgåve av PS: MAGASIN), og duft-styling av hus og selskap, Scent Souround, blitt til.
Brand Ambassador, Debbie Wild, fortel korleis duft lett kan integrerast i alle aspekt av livet. Ei duft kan vere spesielt god å ha på kjøkkenet nettopp fordi ho der vil gjere seg godt saman med salt mat. Til dessert eller kaker kan ei anna duft brukast. Wild fortel vidare at det å bruke duftprodukt på ein original og unik måte skal virke frigjerande. Det handlar om å skape nye bilete som skal reflekterast gjennom duftene og leve vidare saman med dei. 

Av dufter finst i dag 22 Colognes som igjen er delt inn i 6 kolleksjonar eller undergrupper ut i frå duftnotar – frukt, floral, lett floral, tre, sitrus og krydder, samt 7 Colognes Intense, dufter med djubde og krydder som opprinneleg var skapte for den arabiske marknaden. Europearar og særleg skandinaverar er glade i lukt med oumf!
Ein cologne brukast av menn og kvinner. I dag snakkar ingen, utover dei svært kommersielle parfymeaktørane, noko særleg om dufter for menn og kvinner. Alle kan bruke alt. Å ikkje setje retningslinjer i forhold til bruken av duftene er grunnen til at dei bruker benemninga cologne. Ein klassisk cologne inneheld mykje mindre Eau de Parfums enn ei duft i frå Jo Malone, forklarar Wild.
Slik har Jo Malone gjort det enkelt for seg sjølv med ein rein og stram designprofil som også uttrykker nettopp det luksuriøse og britiske som merket har ambisjonar om å formidle. 

Duftprodukta spenn altså i frå colognes som kjem i ulike størrelsar og reiseutgåver, til interiørduft – duftlys, difuser, romspray og linenspray, kroppsprodukt som kroppskremar, oljer, handsåper, dusjprodukt, såpestykker, samt ein eigen hudpleieserie basert på vitamin E. Limited editions og samarbeid lanserast regelmessig. Uavhengig av bruk og produkt er ambisjonen om å kunne skape duftsignaturar til forbrukaren.

Det britiske står altså som ein naturleg pilar for image og produkt. Dette reflekterast også gjennom korleis merket framstår som ein gåveprodusent. Her gir ein blaffen i utsegna om at ein ikkje skal kjøpe dufter som gåve, og gjer innpakking og nettopp det å gi ein gåve til noko eksklusivt og spesielt. På same måte som at andre kjende merkenamn har oransje eller lyseblå innpakkingsesker, har Jo Malone gjort krem og svart til sin signatur.