Hermès Pre Collection SS18

Tekst: Jonas Øren

Hermés og designar Nadège Vanhee-Cybulsk viser til arkiva og (ikkje overraskande) tradisjonar frå salmakarhandverket i sin Pre SS18-kolleksjon – eller resort-kolleksjon om du vil. Detaljar som fletta tau og dei klassiske og tydelege saumane med opprinning frå salmakarfaget – eit absolutt kjenneteikn for det franske motehuset som såg dagens lys som produsent av seletøy i 1836 – visast til både gjennom klede, styling og make-up.

Vanhee-Cybulsk forstår at våren og forsommar er meir enn bare strand- og badeliv, og viser ein allsidig og samansatt garderobe. Skreddersaum med ein avslappa twist er eit gjennomgåande haldepunkt, så vel som klassiske silkeplagg, lette kjolar og spanande prints. Hermès-kvinna har det ikkje travelt i si reise med denne kolleksjonen.

Presentasjonen framstår kjølig og avslappa, men har framleis tilnærmingar til sommarvarme og det sexy – tida som kjem om nokre månadar. Det visast til mangfald, det eksotiske og som alltid – reise.