I detaljane: Chanel Couture 17/18

FW 2017-18 HC Look 30.jpg
FW 2017-18 HC Look 50.jpg

Tekst: Jonas Øren

Det er i detaljane det sitt – bokstavleg talt når det er snakk om couture. Forrige tirsdag viste Chanel og Karl Lagerfeld ein couture-kolleksjon som hylla Paris som by og det parisiske i moten. Eit tema og eit haldepunkt som ikkje var tilfeldig, då Lagerfeld fekk den gjevaste utmerkelsen frå byen Paris, Grand Vermeil de la Ville de Paris, av borgarmeisteren Anne Hidalgo. I denne anledninga vart Eifeltårnet rekonstruert inne i Palais Royale. Ein passande og meir neddempa installasjon enn forrige gong, då ei romskute tok av inne i den historiske visningsarenaen. Chanel er kjende for kostbare show og kjendiseri – men heldigvis er det også fokus på dei faktiske kleda. Det er jo tross alt couture!

01.jpg
08.jpg
32.jpg
54.jpg

Lagerfeld beskriv sjølv kolleksjonen som very modern. Samtidig ser ein eit nett med referansar – eit spekter av veldig ulike looks – noko som eigentleg opplevast vanskeleg å sjå som ein heildom. Desse blir likevel satt i kontekst gjennom materialbruk og ikkje minst make-up, tilbehøyr og styling.  Kreasjonar i ullblandingar og tweed, samt silke, charmeuse og chiffon, skaper tydelege og interessante silhuettar; kokongar, lange og forlengande blyantlinjer, A-linjer og det verste Coco Chanel visste; skjørtelinjer som rekk over knea.

Detaljane i plagga, og særleg utsmykningane med steinar og fjær, er verdt å ta ein kikk på i slideshowet under. Dette er handverk – savoir faire – på sitt beste. Legg særleg merke til utsmykningane med paljettar og bruken av fjær.