MA Vintage

Frå PS #5
Tekst: Jonas Øren
Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

MA Vintage er ein avleggar av butikken MA, som var eit viktig medlem av high-end bybiletet i Oslo sidan overgongen til 1990-åra. Siri har vore med siden byrjinga. Butikken dåg dagens lys på Oslo City, låg deretter lenge i Hegdehaugsveien før han forsvann i Briskebyveien i 2014. I 2009 vart MA Vintage starta av Norlén, som sjølv alltid pleide å tråle bruktmarknader. Vintage, retro og brukt var då veldig i tida, medan det i samtida meir er noko sjølvsagt i bybiletet. Det som ikkje er sjølvsagt hos alle er kvalitet, kunnskap og interesse. Det er det hos MA Vintage, som bugnar med kjende merker frå Chanel, Luis Vuitton, Prada, Valentino, samt dei personlige favorittane til Siri som er Maison Martin Margiela og Ann Demmeulemeester, har hatt eit tidligare liv i Oslo.

"Gjenbruk er interessant ved at det i dette tilfellet handlar om å selgje noko meir enn bare kva som er mote akkurat nå. God design er tidlaus, men som andre ting må det formidlast riktig. Det krev kunnskap og interesse".

Dette seier Siri Norén, daglig leiar av MA Vintage. Sjølv om ho har ei lang fartstid i butikkverda, er det kunsten og arkitekturen ho opprinneleg kjem i frå. Ho har jobba som arkitekt og utdanning frå mellom anna på Kungliga Kunsthøgskolan i Stockholm og Colombia University i New York City. Heile livet har Siri vore oppteken av mote og klede, og trekk klare paralellar til arkitekturen. Arkitektur handlar i stor grad om form, stabilitet, balanse og design. "Kolleksjonane til Maison Martin Margiela er gode eksempel på dette, der form og materialar ofte blir utforska og eksperimentert med, men der rammeverket må haldast inntakt".

MA Vintage
Briskebyveien 28, Oslo

Åpningstider: 11–17 (16:30)
torsdag 11–18