Gathering Objects

Frå PS #5
Tekst: Jonas Øren
Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

Konseptbutikken Gathering Objects ligger på Frogner i Oslo. Her kombinerast eldre gjenstandar med nyare ting. Det er møblar og interiør, klede, smykker og tekstilar, samt nokre bruksartiklar.

Fokuset er at dei ikkje skal vere masseproduserte, heller ikkje uttrykke dette på nokon slags måte. Jentene bak butikken, Hege Kristine Dahl og Martine Gjester vil heller støtte nye merker og designarar som er unike i sitt virke. "Dette går hand i hand med tanken bak å drive med vintage og brukte gjenstandar, og dette gjer også butikken unik", seier Hege. "Det er historia bak kvart objekt som er viktig, anten det er historien til formgivaren i samtida eller om objektet har ein utsjånad som viser til ei god og spanande levetid. Slik seier objektet indirekte at det bør takast vare på".

Dei to jentene reiser rundt i verda for å handle vintage. Dei har vore i Ungarn og i Argentina. Her er det mykje spanande å finne på bruktmarknader og i bruktbutikkar. "Ut i frå eit hav av mykje rart og der mesteparten bare er søppel, kan plutseleg det finaste skapet i verda dukke opp".

Med butikken vil dei slik vise korleis kulturelt mangfald basert på design kan gi eit fullstendig designuttrykk.

Gathering Objects
Tomas Heftyesgate 47, Oslo

Åpningstider: 10-18 (16)