Botanisk Hage Møbelforretning

Fra PS #5
Tekst: Jonas Øren
Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

I kryssinga av tverrgata til Jens Bjelkesgate, som går på nedsida av Oslo Botaniske Hage, ligg møbelforretninga som har teke namn etter det fantastiske og frodige hageanlegget. Ein finn ho altså i første kryss når ein har parken i ryggen.

Forretninga vart starta av Luan Huong og Øystein Rugkåsa. Luan vart interessert i vintagemøblar då han jobba med mastergrada si i litteraturvitenskap. Han skreiv om form, og interessa for materialar og form nådde ein topp. Øystein jobba i restaurantbransjen og har innreidd og utforma ulike spisestadar og barar. Saman har dei mellom anna gjort innreiinga til baren Bettola, som ligg på Schous plass.

Fokuset for butikken er først og fremst på norsk mid-century møblement og design. Ein finn også skandinavisk design frå perioden. Materialitet er nøkkelord nummer ein, det at kunden skal kunne kome, kjenne, føle og prøvesitje. Dette er heilt essensielt og ein av dei viktigaste årsakane til kvifor sei har butikken og ikkje opererer kun med platformar på sosiale media. I tillegg til møblar produserar Luan fliser i Vietnam. Flisene har eit design som opprinneleg er i frå Frankrike, men som vart spreidd der frå til stader som mellom anna Marokko og Vietnam. Dei er utvikla i samarbeid med sivilarkitekt Gro Lauvland.

"Å finne møblar og objekt er tidkrevande, men spanande. Akkurat som ei skattejakt skal vere", seier Luan, som legg til at det også blir hyppig utbytting av møblar privat. Eitt av favorittobjekta som har vore innafor butikken var to Solheim-stolar. "Norsk design på sitt beste og i fantastiske materialar".

Dei to sett pris på at nabolaget bruker butikken aktivt og at dei har blitt ein lokalbutikk i tillegg til å nå ut breitt.

 FOTO: Simen Øvergård

FOTO: Simen Øvergård

 

Botanisk Hage Møbelforretning
Motzfeldts gate 28, Oslo

Åpent lørdager 12-16