Officine Universelle Buly 1803

Det parisiske apotek- og kosmetikkmerket Officine Universelle Buly 1803 si hovudforretning er ein stad ein bør stikke innom om ein er i den franske hovudstaden.

Tekst: Jonas Øren

6 rue Bonaparte
Paris, FRANKRIKE

Buly 1803 starta i det gode året 1803 som som ein produsent av parfymar, duftvatn, parfymerte oljer og ulike ansiktsvatn ­ – vinaigre de toilette.
I dag er universet oppgradert og modernisert, men tradisjon og handverk er tatt vare på. Alle produkta er handlaga. Til og med etikettane til produkta er skapte med kalligrafi, laga for hand av dei ansatte.

Hovudkvarteret i Paris er ein parisisk og chic skjønnheitsbutikk og er utforma som eit apotek frå 1800-talet. Alt ligg i detaljane, noko som gjer butikken til ein interessant destinasjon i seg sjølv. Her finst Buly sine eigne hudpleieprodukt og parfymar, samt skjønnheitstilbehøyr og naturlege oljer, vegetabilske pulver og leire.

Meir om Officine Universelle Buly 1803 i neste PS: MAGASIN.