DUFTA AV GUCCI-ARKIVA

Frå PS #4
Tekst: Jonas Øren
Foto: Ole Musken / Palookaville

0E6A0096.jpg

GUCCI BAMBOO

På grunn av mangel på materialar og råvarer i fascisttida i 40-åra i Italia, vart utypiske material brukt i Gucci sin produksjon av vesker og reiseartiklar. Blant desse vart bambus brukt som handtak og vart slik eit av dei første ikoniske designelementa hos Gucci. Sidan har bambus vore ein viktig del av Gucci sin designidentitet, og er brukt som detaljar på vesker og sko, på klokker og smykker, samt i illustrasjonar i prints. 
Parfymen Gucci Bamboo er ein parfyme som er for den moderne Gucci-kvinna. Slank og elegant blomstrar bambusen i ekstreme værforhold og er sterk som stål. Dette er karaktertrekk som Gucci vil gi sine kvinnelege kundar, og vil med parfymen hylle Gucci-kvinna og bambusplanta.

Gucci Bamboo blandar eksotiske blomsternotar med notar av tre. Hovudnotar av bergamot blandast slik med hjartenotar frå casablancalilje, ylang ylang og ein base av sandeltre.

 

GUCCI FLORA

Det var faktisk Grace Kelly som fekk det første silkeskjerfet med blomsterprintet – det kjende Flora-motivet til Gucci. Rodolfo Gucci ville gi prinsessa av Monaco ein spesiell gåve, og gav kunstnaren Vittorio Accornero i oppdrag å skape eit blomstermønster. Mønsteret hadde ni bukettar av blomar frå dei fire ulike årstidene, med bær, insekt, sommarfuglar og augestikkarar, alt gjengitt i sterke fargar. Sidan 60-talet vart mønsteret først tatt fram frå arkivet i 2005 av dåverande sjefsdesigner, Frida Giannini. Seinast for Cruise-kolleksjonen 2015 vart ein ny versjon av det ikoniske mønsteret laga i samarbeid med den canadiske kunstnaren Kris Knight. Giannini ville då skape ein oppdatert og moderne versjon av det kjende mønsteret,då med ein mørkare undertone. Dette vart motiv på lette kjolar og skjorter, samt vesker og accessories. 
Parfymen Gucci Flora er inspirert av det ikoniske blomstermønsteret og er sensuell og feminin med notar av peon, sitrus, rose, osmanthusblom, patchouli og sandeltre.