MASCARA

Tekst: Jonas Øren
Foto og moving image: Solveig Knutsen / Palookaville

Menneska har brukt mascara lenge. I dag veit vi at make-up-guruar i Egypt, heilt tilbake til 4000 f. Kr, påførte sverte på augevippene. I Amerika var Maybelline og i Europa var Rimmel først ute med mascara på boks – ei tjukk, tjæreliknande masse som vart påført med kost. Det var Helena Rubinstein som skapte den første automatiske mascaraen – dette i det gode året 1958. Innovasjonen var eit konsept som er slik dei fleste av oss i dag kjenner mascaraen – i ein sylinderforma ampull, der kosten er festa i skrukorken. Mascaraen (heiter i dag Long Lash Mascara) er faktisk i sal den dag i dag, og kjem framleis med refill og metallkost.
Allereie i 1939 lanserte Rubinstein den første vatnfaste mascaraen. Lanseringa vart gjort i samband med ein vatnballett på verdutstillinga i New York City og publikum vart ville då dei skjønte at mascaraen satt like godt på dei grasiøse dansarane. etter den klissvåte forestillinga. Det kan kvinner i dag vere glade for i sommarmånadane.

Mascara er dei fleste sin make-up to-go, uavhengig av trender og tendensar; om ein går tander og naturell som dei alveaktige Dior-jentene til Maria Grazia, eller markert og spissa som Nicolas Ghesquiere sine storby-amazonar for Louis Vuitton.

LASH QUEEN – HELENA RUBINSTEIN

Merket Helena Rubinstein , som har vore ein pionér innanfor hudpleie og make-up, går nå inn i sitt 115 år. Som nemnt i innleiinga er det ikkje til å stikke under ein stol at Helena Rubinstein er kjend for mascara, og for utviklinga av korleis vi kjenner mascaraen i dag.

Lash Queen er ein serie av mascaraar, finst i ulike variasjonar. Lash Queen Wonder Blacks er skapt for å skape volum og for å samtidig pleie augevippene som eit serum.

DIORSHOW PUMP'N'VOLUME – DIOR

Mascarasuksessen frå Dior er nå kome i eit nytt og særeige konsept der ein pumper mascaraformelen for å over på kosten – for slik å få ei jamn påføring og volum. Mascaraen skal kjennast lett på vippene. Pump up the jam!

38° – SENSAI

Om du tenker å grine på kino eller hoppe i havet er 38° frå japanske SENSAI eit praktisk val – og då særleg på sommaren. Då treng ein ikkje å tenke på augesminken om ein tilfeldigvis vil ta seg ein dukkert. Mascaraen vaskast av med vatn som er 38° Celsius varmt eller har ein høgare temperatur.  Det finst tre utgåver å velje mellom; ein for volum, ein for lengde og separasjon og ein standardversjon.

LE VOLUME DE CHANEL WATERPROOF – CHANEL

Kosten er stor og god, og bidrar til et jevnt resultat som åpner øynene det lille ekstra. Den gir bra med volum og er lett å få på vippene.

– Siri Tollerød

dior.gif