Tenk koffert

Tekst: Jonas Øren
Moving Image: Solveig Knutsen / Palookaville

Å pakke kofferten til sommaren treng absolutt ikkje å vere komplissert – og særleg ikkje for kortare turar. Men det er eit par ting som er fint å tenke på for å slippe krøllete klede og overvekt. Og ein kjem som oftast langt med handbagasje!

 Zalando/Wood Wood – blå genser 1 195 NOK Zalando/Adidas – burgunder semsket sneakers 949 NOK F5 Clean/Christina Ledang - genser 1200 NOK

Zalando/Wood Wood – blå genser 1 195 NOK
Zalando/Adidas – burgunder semsket sneakers 949 NOK
F5 Clean/Christina Ledang - genser 1200 NOK

1. Mykje væske betyr mykje vekt. Ikkje ta med store flasker eller krukker av sjampo, såpe og kremar. Kjøp heller eit reisesett. Når du har brukt miniprodukta opp, brukar du dei små flaskene til å fylle på frå dei originale produkta. Du sparer miljøet og kjem fort gjennom sikkerheitskontrollen.

2. Klede bør brettast og rullast – og då særleg skjorter. Skal du ha med ei jakke eller ein blazer, kan det vere fint å vrenge ein arm og legge denne inne i den motsette armen før du brettar.

3. Vaskeposar/tøyposar/skoposar – posar er supre å ha med, både for å finne raskare fram i bagen eller kofferten, men også for å skilje skittentøy frå det reine og å skjerme klede frå sko.

4. Det tyngste må leggast nedst. Det gjer alt mykje enklare.

5. Bruk all plassen du har. Sokkar og undertøy leggast gjerne inne i skoa. Slik sørgar du også for at dei held forma i den trange bagasjen.  Det same gjeld for hattar og hovudplagg.

6. Ta for all del med deg penn og papir. Du veit aldri når du blir inspirert til å ta notat!

 JET SET - Travelsize frå AESOP

JET SET - Travelsize frå AESOP

 

TEKST: Jonas Øren
FOTO: Solveig Knutsen