Vespa og Humla

FRÅ PS #8
Tekst: Jonas Øren
Foto: Solveig Knutsen / Palookaville

_KJF9165.jpg

Den tidlegare italienske kaffibaren og delikatesseforretninga Vespa har utvida med eit øl- og restaurantkonsept. Vespa åpna første gong i 2008 og fungerte då som eit utstillingsvindauge for Villa import, importørar av italienske matvarar. Over tid vart staden meir til ein kaffibar i seg sjølv.

I dag er fokuset på kaffi, handverksøl brygga hos Grünerløkka Brygghus i bakgården og sjølvsagt god mat. Her får du ein frukost, lunsj og middag. Kveldsmenyen er basert på mat grilla i rôtisserie, ein grill der kjøttet langtidssteikast medan det roterer på eit spidd. Ein annan spesialitet er porchetta, italiensk svinerull. Roma er porchettaens heimstad.

Om ein i kvardagen vil ha noko som tilsvarar ein veldig bra hotellsfrukost, er dette staden å gå. Lunsjrettane er kontinentale favorittar som Croque Madame og Croque Monsieur, samt nybakte rosinbollar og dagens suppe. Kvar onsdag klokka 19:00 spelast det italiensk jazzmusikk. Det arrangerast også musikkbingo annankvar torsdag. Eit par gongar i månaden er det fredagspils. Ølet kombinerast fint med smaksplankar med ulike delikatesser. Staden utanfor er ein flott hangout i sommersola, både for frukost, lunsj, middag og pilsing.

_KJF9168.jpg

VESPA OG HUMLA
Københavngata 2c, Oslo