Tunco

Frå PS #8
Tekst: Jonas Øren
Foto: Simen Øvergaard / Palookaville

Midt på St.Hanshaugen blir uttrykket take-away tatt på kornet av dei tre gutane som står bak gatematkjøkkenet Tunco. Basert på wok lagar gutane "made-to-measure-rettar", der kunden kan setje saman si eiga wokblanding av diverse godsaker, samt velje mellom rettar frå  mellom anna Thailand, Vietnam, Frankrike (!) og El Salvador. Konseptet vart til fordi dei tre, som eigentleg jobba innanfor bygg, finans og teknologi, ville servere bra wok til folket etter å ha oppleve ein livsendrande wok sjølve!

Tunco baserer seg på reise og eventyr. Dei inviterar det etande publikumet med på ei kulinarisk jordomsegling, noko som kjem godt fram i interiøret. Veggmåleriet er gjort for hand. Det er fint å få frå gata på St.Hanshaugen og føle at ein kjem inn ein stad i Soho, London. Er reisebudsjettet stramt i år, kan ein i det minste ta turen til Tunco.

tunco.jpg

TUNCO
Bjerregaards gate 2, Oslo