Tara Anthun

FRÅ PS #8
Tekst: Jonas Øren
Foto: Solveig Knutsen / Palookaville

Kvinna bak sengetøymerket Tara Anthun, nemleg Tara Anthun sjølv, ønsker at alle skal kunne oppleve fantastisk sengetøy. Ved å tilby sengetøy og nattøy i egyptisk bomull til tålege prisar, kan fleire som prioriterer kvardagsluksus få ei soveoppleving av ypperste klasse. Den generelle nordmannen bruker ein tredjedel av livet sitt i senga, og då er det greit at nattetimane opplevast så behagelege som mogleg.

Designet er enkelt og smakfult – auga skal jo også kvile behageleg på det vakre. I tillegg til sengetøy, selgast såper, handklede, morgonkåper, nattøy og ulike typar av reiseputer og putevar. Det kvite er gjennomgåande i produktsortementet, så butikken er rein og sval. Lokalet er lite og intimt, men rommar likevel eit mini-univers av søt søvn. Ein halvetasje opp er det eit soverom som ser ut som det høyrer heime på ein herregard.

Prisen for eit sett av dynetrekk og putevar ligg på rundt 750,–. Det er lett å kome seg til butikken, for 21-bussen stoppar rett utanfor.

TARA ANTHUN
Camilla Colletts vei 11, Oslo