Sjøflyhavna Kro

FRÅ PS #8
Tekst: Jonas Øren
Foto: Solveig Knutsen / Palookaville

I rundt 60 år har det vore kafédrift ved Oslo Sjøflyhavn på Fornebu. I dag blir det blant anna servert klassiske kro- og amerikanske dinerrettar med ein twist, husmannskost og tapas. Menyen endrast etter sesong. Croisantar og liknande blir berre tatt fram i helgene. I sommarmånedane er den store takterrasen ein perfekt stad for utepilsing i sola. Om ein skal ete innandørs kan det vere greit å sitje ved vindauget med utsikt til vatnet. Då slepp du utsikten mot det nye og moderne Fornebu, som ikkje kan seiast å vere visuelt vennleg.

Sjøflyhavna Kro fungerer som ein viktig stad for miljøet på Fornebuhavna. Det er ein stad som faktisk er for menneske, ikkje eit lukka og låst kontorbygg eller administrasjon. Hvis det er ein stad du finn pakeringsplassar, så er det på Fornebu, så det vil ikkje vere vanskeleg å kome dit i bil. Sykkelfelta som går heile vegen frå Oslo sentrum er eit godt alternativ. Det går også båt til Fornebu kvar halvtime frå Aker Brygge.

SJØFLYHAVNA KRO
Martin Linges vei 57, Fornebu