LILLE VALKYRIEN KAFFE- OG TEHUS

FRÅ PS #8
Tekst: Jonas Øren
Foto: Solveig Knutsen / Palookaville

Denne lille kaféen er ein avleggar av Valkyrien Kaffe og Tehus, som ein gong
låg i eit av dei beste lokala i byen – midt i Majorstuekrysset. Alt er i dag skalert ned
i eit fint og intimt lokale i Jakob Aals Gate, cirka ti skritt i frå Bogstadveien. Mang ein kaffi og tedrikkande kunde har blitt med eigaren Jofrid inn i dei nye lokala. Ho merkar at gjennomstrøyminga ikkje er den same, til tross for at det er nært. Jofrid har jobba med kaffi sidan ho var 19 år. I dag er det altså ho som driv staden, og veit alltid korleis dei faste kundane vil ha kaffi
en servert. Nokre har handla hos ho i eire tiår.

Om ein løftar hovudet opp i frå hovudvegane og dei vante stiane, er det alltid kjekt å sjå at ein oppdagar interessante og originale stader i sidegatene. Dette gjer jo dei este når dei besøker utlandet, så kvifor ikkje gjere det i heimstaden også, spør Jofrid.

Lille Valkyrien Ka e- og Tehus er slik eit veldig godt alternativ til Espresso House og Kaffibrenneriet som ligg 50 meter i frå. Dette er ein intim stad med få sitjeplassar som oppmodar til å samtale med personen ved sidan av. I tillegg til ei mengde te- og kaffisortar, fin marmelade og sjokolade, er Jofrid oppteken av å finne produkter som framstillast av små produsentar og familiebedrifter. Ho tilbyr gardsegg, eplejuice frå Tønsberg og honning. Ho steiker også vaffelplater, der røra er laga frå botnen!

LILLE VALKYRIEN KAFFE- OG TEHUS
Jakob Aals gate 17, Oslo