Drikk Godt

FRÅ PS #8
Tekst: Jonas Øren
Foto: Solveig Knutsen / Palookaville

I Vibesgate på Majorstua ligg eit spesialutsal for drikkevarer. Ølbutikken starta opp i november og er open alle dagar i veka.

Innehavar Jostein Wang satsar mest på norsk øl av ulike lokale produsentar. Elles finst ølsortar frå dei klassiske øllanda Tyskland, England, Tjekkia og Belgia, samt USA og Austerrike. Det blir arrangert ølsmaking der små og store grupper er velkome. Vanlegvis legg Wang opp ei samansetjing av øltypar som skal smakast på etter eit møte med dei som skal kome.

Namnet på forretninga skal fungere som ei oppmoding til å styre vekk i frå gamle drikkevanar. Det handlar om å oppleve drikking på ein ny måte og å verdsetje det som er i glaset. Den gode smaken er i fokus. Wang vil at kunden skal tenke kvalitet over kvantitet – smaken skal kome først!

Fun fact: Mange handlar øl etter korleis etiketten ser ut. Det viser seg at dei fleste liker reine og pene etikettar. Det enkle går altså framfor det som oppfattast flashy og overøst med mykje grafikk.

DRIKK GODT
Vibesgate 15, Oslo