AESOP

frå ps #2

I Norsk undertøymagasin sine gamle lokalar i Prinsens Gate åpna Aesop sin hundrede butikk på verdsbasis. Saman med arkitektfirmaet Snøhetta vart butikken og innreiinga av butikken til. Under nyare veggar og gulv fann dei originale materialar datert tilbake til 1800-talet.
Inspirert av heilage stader, som ortodokse kyrkjer, samt rituala i japanske og tyrkiske bad, har butikken blitt til ei visuell oppleving som er vel verst eit besøk i seg sjølv.

Taket er boga og har referansar til bogongane i ortodokse kyrkjer og klosterbygg. Bogane spelar både med lys og lyd. Vasken er viktig i måten kunden blir presentert for produkta og har blitt plassert ruvande midt i rommet. Her kjem det rituelle aspektet inn i biletet, noko som er eit varemerke for det australske hudpleiemerket. Varsomt blir såper, kremar eller skrubbar påført av seljaren og vaska ømfintleg av.

AESOP SENTRUM
Prinsens Gate 21
Åpningstider: 10-19 (18)

 

Bilder: Aesop
Tekst: Jonas Øren PS:2

Aesop har nå også åpna sin andre butikk i Oslo, også designa av Snøhetta, den finner du på Majorstua.

AESOP HOMANSBYEN
Oscars gate 19
Åpningstider: 10-19 (18)