Duftbiblioteket for han

PS: MAGASIN ser på kjende og ukjende dufter i skapet til mannen.

Tekst: Jonas Øren
Moving image og foto: Solveig Knutsen

 Dark Saphir – AGONIST PERFUMES

Dark Saphir – AGONIST PERFUMES

Svenske AGONIST PERFUMES skaper ein stadig vaksande kolleksjon av unisexdufter – eit konsept som blir vanlegare blant både store duftprodusentar og indie-brands – og som ein difor ser meir og meir av blant menn.
Dark Saphir er inspirert av safir-steinen, med toppnotar av fiolblad, kumin og svart peppar, midtnotar av rose, kanel og gulrot og basenotar av oud, patchouli og vanilje.

 TAM DAO – Diptyque

TAM DAO – Diptyque

Diptyque er kanskje mest kjend for romdufter og særleg duftlys, men lager også nydelege parfums. TAM DAO er ei eksotisk, tre-aktig duft, som skal gi illusjonar av dei aust-asiatiske junglane med notar av sandeltre, rosentre, sypress og ambra.

 

 

Soul of the Forest er namnet på ei anna duft som ikkje overraskande er både grøn og tre-aktig. Maison Margiela sin duft-replika av ein sjelfull skogstur, definerast av sevje og vetiver / gras.

Ein replika er ein eksakt kopi eller modell av noko. Maison Margiela sine dufter, som alle er tittelert Replica, fungerer som reproduksjonar av lukter som igjen skal gi assosiasjonar til distinkte stadar, periodar eller augneblinkar. Duftserien består av ti parfymar for menn og kvinner, som alle har eit namn som igjen gir assosiasjonar til ein stad og ei tid – augneblinken dufta skaper ein eksakt kopi av.

Replica vart introdusert for første gong i 1994, eit begrep som Maison Margiela tok inn i kolleksjonane. Dette var plagg og tilbehør samla frå heile verda som det vart laga kopiar av. Desse kopiane var rejusterte i forhold til originalen og satt i samanheng med resten av kolleksjonen. Noko tilsvarande gjer det franske motehuset nå med duft.
— PS: MAGASIN NO6
 Soul of the Forest – Maison Margiela Perfumes

Soul of the Forest – Maison Margiela Perfumes

 Polo Red og Polo Red Extreme – Ralph Lauren

Polo Red og Polo Red Extreme – Ralph Lauren

 Polo Blue og Polo Sport – Ralph Lauren 

Polo Blue og Polo Sport – Ralph Lauren 

Både den distinkte blåfargen på falkongane og duftene av Polo Sport og Polo Blue frå Ralph Lauren tek meg tilbake til tenåra. Det er noko veldig distinkt med desse to duftene, som begge er reine, friske og ungdommelege på sitt vis. Polo Sport er, som namnet tilseier, meir av ein sporty og krispy art, med tydelege notar av sitrus, aldehydar og grøne notar. Polo Blue er samanlikna med den sporty storebroren meir elegant og avrunda, med notar av cantaloupe-melon, basilikum og urteplanta herbena. 

Polo Red skal fungere som ein brennande heit motpol til den blå varianten og opptrer krydra og vill med raud safran, raud grapefrukt og varme tre-notar i botnen. 

 L'HOMME IDEAL – Guerlain

L'HOMME IDEAL – Guerlain

L'HOMME IDEAL er ei av dei største suksessane franske Guerlain har skapt for herre i samtida – og slik har nå L'HOMME IDEAL utvikla seg til å bli ein serie på fire dufter: Eau de Toilette, Eau de Parfum, Cologne og Sport.  Eau de Toilette og Eau de Parfum, som skal symbolisere ideal-kjærasten og ideal-ektemannen, er begge aromatiske og tre-aktige, men der sistnemnde kjem med meir fylde og ei mjuk avrunding med vanilje og røykelse i hjartet. Cologne-dufta skal symbolisere elskaren, og er mykje friskare og lettare i forma med sitrus i toppen, mandel i hjartet og vetiver og musk i botnen. Kven Sport skal symbolisere, veit vi ikkje.
– Postmannen kanskje?

 Standard – Comme des Garçons X Artek

Standard – Comme des Garçons X Artek

Duft-samarbeidet mellom Comme des Garçons og den finske møbelprodusenten Artek er meir elegant enn namnet på produktet seier. Standard er ei svært rein duft som kan oppfattast både tre-aktig og klar, med både grøne og varmande notar. 

 Gypsy Water – BYREDO

Gypsy Water – BYREDO

Gypsy Water er ei av signaturduftene til svenske Byredo. Også Byredo skaper unisex-dufter, og har vore med på å definere tendensen av indie-brands som skapar minimalistiske duftgarderobar. Gypsy Water har toppnotar av bergamottappelsin, sitron og pepper, eit hjarte av furunål og røykelse og ein base av amber, sandeltre og vanilje.

 Armani Privé – Giorgio Armani

Armani Privé – Giorgio Armani

Armani Privé er namnet på haute couture-linja til Giorgio Armani. I tillegg til å skape dei mest eksklusive kleda, ville Armani skape ei linje av parfymar basert på same tankegong; å skape parfymar med like eksklusive ingrediensar som stoffa haute couture-plagga vart laga av. Utgongspunktet for dei ulike duftene i parfymekolleksjonen ligg i å framheve det beste av ein duftnote eller ingrediens, for slik å kunne skape autentiske og spesielle nasale opplevingar. Dette blir tilbydt i ein fullstendig garderobe av ulike dufter. Armani Privé sin duftkolleksjon blir delt inn i ulike duftgreiner. Les Eaux viser til klare florale og fruktige notar – ein ode til naturen. Avsideliggande stadar, både i fortid og nåtid. La Collection-greina viser til klassiske parfymeingrediensar som er perfeksjonert. Desse duftene er gjerne tolkningar og personlege minne frå Giorgio Armani sjølv. La Collectione Mille et Une Nuits er som tittelen seier namnet på ei grein av orientalske dufter og eventyr i frå arabiske land. La Collection Les Terres Précieuses baserer seg på dufter inspirert av Russland. I tillegg kjem det ei spesiallaga duft saman med kvar vår/sommar-kolleksjon. Desse blir laga i eit begrensa opplag på til saman tusen flasker. L’Édition Couture-duftene er ei nasal tolking av haute couture-kolleksjonen. Alle flakongane har eit vakkert og særeige design, som gjer at dei minner meir om små skulpturar enn noko anna. Duftene er unisex og kostar frå 975,- til 2250,-.
Armani Privé er å finne på Gimle Parfymeri og Steen og Strøm i Oslo.
— PS: MAGASIN NO10
 LA NUIT DE L'HOMME, Eau Électrique – Yves Saint Laurent

LA NUIT DE L'HOMME, Eau Électrique – Yves Saint Laurent

 Armani Eau Pour Homme – Giorgio Armani og L'HOMME – Yves Saint Laurent

Armani Eau Pour Homme – Giorgio Armani og L'HOMME – Yves Saint Laurent

Om du lurer på kva Richard Gere lukta i American Gigolo, må det ha vore noko som Giorgio Armani si første duft, Eau Pour Homme. Formelen er uendra sidan lanseringa i 1984, og det same er designet på flakongen. Hovudingrediensane er bergamott og patchouli. 

L'HOMME av Yves Saint Laurent er ein enorm kommersiell suksess, og har difor utvikla seg til å bli ein duftfamilie av vidaretolkingar, og også nytolkingar i form av L'HOMME LIBRE og LA NUIT DE L'HOMME.

 

 

 

 

Viktor & Rolf si SPICEBOMB har med notar av sitrus, pepper, ingefær, paprika og lær sprengd seg inn i mang ein heim.

 Spice Bomb – Viktor & Rolf

Spice Bomb – Viktor & Rolf