Re-opning: Hermès Oslo

Hermès - Einar Aslaksen - Oslo Store - 041.jpg

Torsdag 30. desember opna det franske luksushuset Hermès sin nye butikk i Nedre Slottsgate i Oslo. Den nye butikken, som består av fire rom som alle beskriv ulike miljø, ligg rett over gata for dei tidlegare lokala i Steen og Strøm Magasin.

Tekst: Jonas Øren
Foto: Einar Aslaksen

I månadsvis har den signaturoransje Hermèsboksen framfor fasaden i Nedre Slottsgate stått som ein freistande hemmelegheit, og har definitivt prega gatebiletet i Oslo-sentrum. Forrige torsdag vart altså boksen opna – med brask, bram og ballerinaer. Innhaldet av boksen – butikken – er definitivt i tråd med det som forventast av det historiske huset. Det er i samarbeid med arkitektbyrået RDAI at dei har skapt det siste tilskotet i luksusbutikksegmentet her i hovudstaden. Ein litt tidleg julepresang til bybiletet om du vil, som altså kom ut av ein oransje boks. 

Hermès - Einar Aslaksen - Oslo Store - 102.jpg

RDAI skaper alle Hermès-butikkane rundt om i verda, og saman med oppdragsgivaren fallt dei særleg for signaturbygget frå tidleg 1900-tal i Nedre Slottsgate signert arkitekten Ove Ekman. Med arkitektoniske detaljar frå både art nouveau og art deco trekk den nye adressa linjer til Hermès sine røter. Slik er valet av bygg og adresse logisk, då denne tida refererer til eit av det viktigaste vendepunktet i Hermès si eiga historie. Dette var ei tid med innovasjon og nyvinnaningar, og det var også då Emil Hermès starta å skape mote og tilbehøyr med  kunnskapen og handverket familien hadde i frå seletøy- og salmakartradisjonen. Det er aldri snakk om tilfeldigheiter når ein snakkar om Hermès.

Hermès - Einar Aslaksen - Oslo Store - 0324.jpg
Hermès - Einar Aslaksen - Oslo Store - 116.jpg

Og på torsdag var det altså her i Oslo at nok ein stein vart lagt i historia med opninga av den nye butikken. Som nemnt i introduksjonen viser dei ulike romma til ulike miljø og ulike aspekt av universet som er Hermès. Det er saumlause og elegante overgongar, frå silke og duft,  via tilbehøyr, skinn og rideprodukt, gjennom ready-to-wear, sko, interiør og dekketøy til klokker og smykker heilt innst. Eit lunt interiør, parkett, stein og fargeval står i stil til Oslo, og går samtidig godt saman med dei klassiske Hermès-elementa, som til dømes varm mosaikk og "Grecques-lampene" som vart skapt for Hermès i 1925.

Hermès - Einar Aslaksen - Oslo Store - 0757.jpg

Med eit areal på til saman 190 kvm kan norske kundar for første gong oppleve ein større heildom av kva Hermès består av. Det er særleg spanande å sjå større objekt og møblar frå Maison Hermès, som verkeleg viser vidareføringa av tradisjonen som går tilbake til 1837.