TEATERSPIRER

ADVERTORIAL: PS:MAGASIN X HILFIGER EDITION

Kan Ibsen framleis vere cutting edge i 2017? Som norsk skodespelarstudent er dette eit klassisk spørsmål ein må ta stilling til. Andreas S. Tønnesland (28), Iver Innset (?) og Mads Moe (27) studerer ved Teaterhøgskulen på Kunsthøgskulen i Oslo og står alle på terskelen til det profesjonelle livet. Vi har prata med dei om ambisjonar og om korleis ein skal kunne få yngre generasjonar til å også prioritere å oppleve scenekunst jamnført med å bli i sofaen med Netflix og HBO.

Tekst og styling: Jonas Øren
Foto: Hinda Fahre / Palookaville

Mats Moe

Iver Innset

Andreas S. Tønnesland

 

1. Kvifor teaterutdanning?

Andreas:
Ønsket om større kompetanse! Før eg kom hit hadde eg jobba ei stund i det frie feltet og vore med på å bygge opp Det Andre Teateret. Eg kjente at utdanning måtte til for å kunne bli ein meir fasettert scenekunstnar. Eg ønska å utvide registeret; frå å ha primært jobba med humor og komedie til å også kunne gjere tragedie. Det handlar om å bli dytta til å gjere det som ligg langt vekke i frå ein sjølv, i dette tilfellet å finne noko bestialsk og mørkt. Sjølv om ein materie er grusom, vil ein alltid kunne finne noko fantastisk i det.

Iver:
Dette er ei blanding av å ha drive med amatørteater sidan eg var ung og at eg såg  Villanda på Nationaltheatret på ungdomsskulen. Dette var første gong eg såg noko på scena som for meg verkeleg var så ekte og levande at det vart eit vendepunkt.

Mats:
I motsetjing til dei som seier at dei ikkje kan gjere noko anna, trur eg at lysta på å drive med skodespel kjem av at eg har lyst til å gjere så veldig mykje. Når eg arbeider med teater får eg lov til å vere alt anna enn det eg er og å utforske ting som eg ikkje får gjort elles. 

 

PS_TH_Mads_nr03.jpg

"Når eg arbeider med teater får eg lov til å vere alt anna enn det eg er"

– Mats Moe

 

2. Kva er det som er mest spanande med å jobbe med skodespel?

M:
Mest at det ikkje er einsformig. For min del handlar det om den konstante utviklinga som ligg latent i arbeidet. Det er aldri noko som er eller skal bli ferdig i ordet si rette forstand, då arbeidet går ut på å gå vidare – å dytte grenser. Eg blir stressa og ulukkeleg av einsformig arbeid.

I:
Det er svært mange yrker eg kunne tenke meg å ha, men eg er sikker på at eg ville ha gått lei etter ei kort stund. I skodespelaryrket kjem ein i nye situasjonar heile tida. Nye prosjekt legg opp til at ein må starte på nytt og lære noko nytt, møte eit nytt materiale og nye menneske. Det er som om det er lagt opp til at ein ikkje skal kjede seg.

A:
Teater handlar om det umiddelbare og tilstadeverande; at noko levande henvend seg til noko levande. Med dette har teater ein unik eigenskap, eit aspekt som skaper ei heilt spesiell form for publikumskontakt. Difor er eg overraska over at det ikkje er fleire unge som oppsøker teateret, og eg brenn veldig for å nå eit yngre publikum. Ei teaterpremiere burde i ei ideell verd skape like mykje kommersiell blest som den siste Thor-filmen. Eg får først og framst distanse til mi eiga kunstform når eg primært møter menn i dress og slips i frå ei teaterforeining i Bærum i salen – og særleg når eg skal sjå ny og spanande dramatikk. Kor er det unge publikummet stykket automatisk ville ha snakka til? Ei interessant spørsmålsstilling som må takast på alvor, og som også krever større bevisstheit kring kva teatera sett opp. Dei må følgje med i tida! Det ligg ei stor utfordring i å få 20- og 30-åringar inn i teateret. Dette er ei utfordring ein bare må ta. Elles vil teateret til slutt døy.

PS_TH_Andreas_nr01.jpg

"Ei teaterpremiere burde i ei ideell verd skape like mykje kommersiell blest som den siste Thor-filmen."

– Andreas S. Tønnesland

 

3. Kva er baksida med å jobbe som skodespelar?

 

A:
Ein kan aldri lenger, i alle fall veldig sjeldan, nyte levande scenekunst. "Kritikarbrillene" blir ufrivillig klistra på, og som publikummar får ein automatisk eit skråblikk på både innhald, teknikk, besetning og så vidare. Eg savnar å bare kunne setje seg ned i stolen og nyte – denne opplevinga vil for alltid vere besudla.

M:
Her på skulen skal ein alltid jobbe med det ein ikkje kan eller meistrar. Det leggast opp til å møte store utfordringar og vanskar, ting ein ikkje skal automatisk sjå sjølv utan rettleiing. Det er frustrerande å ikkje vite kva ein skal eller må jobbe med, noko som det brukast mykje energi på og som kostar mykje.

I:
Det er kanskje tendensen med at ein berre omgjeng seg med andre skodespelarar og menneske i feltet. Det blir fort ei boble, noko som må vere avgrensande og rart med tanke på at ein skal illustrere ulike fasettar og aspekt ved livet.

PS_TH_Iver_nr01.jpg

"Skodespelar- og kunstfeltet blir fort ei boble, noko som må vere avgrensande og rart med tanke på at ein skal illustrere ulike fasettar og aspekt ved livet."

– Iver Innset

 

4. Om du måtte velje mellom teaterscena eller filmen, kva ville du ha valt då og kvifor?

A:
Hmm – vanskeleg å svare på. Eg trur eg liker best kontakten ein har ein-til-ein med publikum frå scena. Til nå har eg ikkje jobba så mykje med film. Her ligg eit anna arbeid til grunn – det er eit anna djupdykk som krevast. Spelet er ikkje så stort, og ein kan kanksje seie at ein må vere meir som seg sjølv? Eg fryktar litt at ein i filmen kan bli litt distansert i forhold til at det heile tida er nokon annan som seier om det ein gjer er bra eller ikkje. Det endelege "produktet" blir først eit faktum etter mange prosessar, som igjen blir satt i ein annan kontekst gjennom ein regissør sine auge. Slik ser eg skodespelarrolla i filmen tydlegare som ei slags brikke i ein større samanheng. Difor opplev eg altså større eigarskap til arbeidet mitt med teateret.

I:
Eg trur eg hadde gått for film. Dei beste opplevingane eg har hatt har vore på filmsett. Gjennom film, og særleg fjernsyn, når ein eit større publikum enn frå scena. Størst utvikling oppnår ein derimot på teaterscena. Her kan ein tøye grenser og bryte med konvensjonar. Eg håper difor å få jobba med begge deler, men med pistolen på hovudet hadde eg nok landa på å drive med film. Kanskje eg ombestem meg om nokre månadar?

M:
Teater! Augeblinkskunsten som er teater er det som er interessant. Det at ting skal leve her og nå og at det nettopp er lagt opp til utvikling og utforsking. At eg ikkje har gjort noko særleg arbeid med film gjer at eg er redd for dette mediet. I dei tilfella dette har skjedd har eg blitt veldig sjølvbevisst.

 

5. Ambisjon nummer ein er?

M:
Etter endt skulegong er det å få ein jobb – å få lov til å fortsetje profesjonelt. Ein skal ut i ein marknad som så å seie er overmetta, så det å faktisk kunne drive med dette er ein ambisjon i seg sjølv. Eg ønsker også å realisere eigne prosjekt. Det blir stadig tydelegare for meg kva eg ønsker og kva eg vil bruke kunstforma til – ikkje minst å vise at dette i seg sjølv er ei reise som ein må tillate seg å tørre å vere med på.

I:
Eg har veldig trua på norsk film og tv. Ein verdig ambisjon må vere å få ein stor rolle i ein tv-serie som går over fleire sesongar – å få kome tilbake til ein ny sesong og vidareutvikle noko ein har vore med på å skape. Dette kjem sjølvsagt an på både kva og kven ein arbeider med.

A:
I hovudsak må det vere – klisjé-svar nummer ein, kanskje – å kunne bli så god som eg kan få bli. Å heile tida vere dynamisk og å få moglegheit til å endre og utvikle meg i løpet av karriera. Kanskje like pretensiøst som forrige utsagn, men eg ønsker å gjere eit arbeid som vil påverke nokon, å skape noko som verken er likegyldig eller tomt.

Hilfiger Edition – Autumn Winter 17, Look 007

 

6. Fortel om den beste opplevinga du har hatt som publikummar i teateret?

A:
Den første forestilling som var ei voldsom oppleving for meg, var 4.48 Psykose av Sarah Kane. Oppsetjinga fann faktisk stad på Teaterhøgskulen og varte i fire timar, noko som virka voldsomt på ein ung Andreas. Eg fann det provoserande at satte idéar eller former skulle brytast. Men timane flaug, og for meg var det noko fantastisk i brytningane. Eg hadde aldri sett teater på denne måten før. Det opna auga mine for kva teater faktisk kan vere.

I:
Den første verkeleg store teateropplevinga mi var Villanden av Ibsen ved Nationaltheatret som eg såg medan eg gjekk på ungdomsskulen. Denne sitt framleis godt planta i minnet som ei viktig oppleving. Her gjekk det verkeleg opp for meg at skodespel kunne vere eit yrke – noko ein kan halde på med kvar dag resten av livet. Eg hadde akkurat lest Villanden på skulen, og eg la merke til at det var ei heil scene der all tekst var kutta. Grepet skapte ein veldig intensitet, og eg opplevde det som at alle dei 800 menneska i salen kollektivt haldt pusten. Slike opplevingar kan ein ikkje skape på film og tv.

M:
Då må eg referere til to svært ulike stykker. Det første er Drapene i Aalst – eit rystande stykke som vart satt opp på Amfiscena på Nationaltheatret med Ane Dahl Torp og Aksel Hennie som aktørar. Med ein svært enkel regi var alt forståeleg og rystande, skapt av eit omfattande forarbeid og sterke sceneprestasjonar. Aktørane gjorde det å sitje og snakke i timevis interessant. Det andre stykket er Riminiprotokollen, som eg såg i Berlin. Publikum vart guida rundt i byen med øyretelefonar, og eg følte at eg gjekk rundt i mi eiga magiske boble. Som ei teateroppleving er kanskje dette det mest interessante eg har vore med på, fordi det viste alle dei moglegheitene ein har.

 

7. … og den beste filmopplevinga?

I:
Å ha ein film som kjem til å følge med meg gjennom livet som den beste trur eg ikkje at eg kjem til å ha. Eg kan derimot trekke fram ein film eg nyleg såg: svenske The Square (reg. Ruben Östlund, journ.anm.). Det er lenge sidan eg har blitt så rørt av ein film. Framleis går eg og tenker på den.

A:
Dette er vanskeleg å svare på. Eg vil trekke fram rolleprestasjonen til Jack Nicholson i The Shining – Ondskapens Hotell. Han speler med ei djubde, med eit oververande skjær av det som vil kome. Filmen har ein gjennomført estetikk med fantastiske bilete og grotesk musikk. Det heile inspirerar veldig til å ville jobbe med film.

Hilfiger Edition – Autumn Winter 17, Look 003

 

8. Klarer teaterfaget i samtida å avspegle samtida?

A:
Mange av dei nye stemmene i feltet klarer dette. Teatera lid av at dei må tjene pengar. Dei er nødt til å setje opp stykker som seier meir om behovet for å tjene pengar enn å skulle skape noko aktuelt og spanande. Det som snakker til meg er sjølvsagt ting eg sjølv kan relatere meg til,  som til dømes ei kjensle av framandgjering eller det å vere eit overbeskytta barn av oljenasjonen. Denne mentaliteten gjer den såkalla i-landsproblematikken present for oss; Apple-produkt og turar til Syden er vel så viktig som ein tematikk for diskurs som liv og død. Dei som klarer å skildre dette parallellt er dei som når meg. På same tid har til dømes Peer Gynt-rolla ein relevans i dag, men det er viktig å spikke det ned til kva som er kjernen og kva som gjer ein karakter som Peer Gynt levedyktig i samtida. Vi må gi litt meir "beng" i kva som er blitt skrive tidlegare.

I:
Når det gjeld tv og film, håper eg at ein tør å lage ein serie som til dømes Kampen for Tilværelsen. Med den serien klarte norsk tv-drama verkeleg å spegle samtida si. Det gjekk derimot ikkje så bra med serien, noko som truleg kjem av den gjennomgåande tendensen om å skape noko safe – ein må selje noko som er unikt ved hjelp av ein enkel gimmick, gjerne pressa ned til to setningar. Sjangerseriar er fine, dei, men ein går ofte glipp av nokre mellommenneskelege lag når innhaldet stadig må spissast og forenklast.

M:
Det er ikkje nødvendigvis på skulen ein skal banke i bordet med samfunnsengasjement og ansvar. På bachelorstudiet arbeider vi alltid med ting som vi skal lære noko av, ting som ikkje treng å bli klassifisert som "stor kunst". Her handlar det først og fremst om å lære handverk gjennom det eg vil kalle lærestykke, medan ein på Kunstakademiet eller MA-studia arbeider med å dytte kunsten framover. Ute har teateret eit ansvar for å ikkje bli for elitistisk. Eg ser at vi i bransjen har lett for å lage teater for kvarandre. Å trene eit breiare publikum til å gå i teateret er vel så viktig, synst eg. Det er fantastisk at Det Norske Teatret har klart å setje opp The Book of Mormon med ein speleperiode på halvanna år. Dette opnar opp både auga og dørene for menneske som elles aldri ville ha gått i teateret. Slik lærer ein publikum at teateret er eit hus som kan brukast. Som aktør forventar ein nesten at folk automatisk skal finne fram til småscenane eller dei mindre, meir skjerpa teatera på eigen hand. I praksis er jo desse berre kjende for kunstnargruppa sjølv. Eit publikum må trenast frå hovudscenene og vidare opp og ut. Slik når ein eit større publikum som også vil bli interesserte i å oppleve ny og relevant kunst.

 

Hilfiger Edition – Autumn Winter 17, Look 009

9. Tradisjonelt eller cutting edge – kva er mest relevant i 2017?

A:
Det tradisjonelle skal ikkje bare få vere tradisjonelt. Museumsaktig titteskapsteater er uinteressant. Ein kan finne veldig mange andre måtar å gjere ting på for å unngå det konforme og nettopp tradisjonelle. Samtidig synst eg at det som er for cutting edge – det som er cutting edge bare for å vere det – også fell igjennom. Det å sitje og kjenne på at ein er for dum til å kunne forstå gir ingenting. Då kollapsar prosjektet. Det er viktig å kunne relatere seg til det som er på scena. Det bør famne slik at dei fleste kan få ei kjensle av kva det handlar om.

M:
Begge delar er interessant. Spørsmålet bør vere kven det er relevant for! Eg trur at ein tradisjonell versjon av Peer Gynt kan trekke folk til teateret. Personleg vil eg jo gjere begge delar. For oss er cutting edge spanande, men for det generelle publikum kan det kanskje virke avskrekkande. Nå snakkar eg nesten som marknadssjefen på eit institusjonsteater – haha.

I:
Eg er ikkje så stor tilhengar av forestillingar der underhaldninga er det einaste viktige. Politiske eller etiske spørsmål og dilemma bør ligge til grunn. Likevel må ikkje teater bli elitistisk. Det er ein vanskeleg balanse. Samtidig skulle eg ønske at ein også turde å setje opp ei klassisk forestilling på tradisjonelt vis, utan å måtte modernisere ho – ein levande tendens er å gjere så mange endringar at utgongspunktet nesten ikkje er å sjå.

 

Saka er eit betalt samarbeid med Hilfiger Edition / Tommy Hilfiger.